Drope

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Drope på nål.

Ein drope er ein rundvoren væskepartikkel som blir halden samen av overflatehinna til væska. Overflatespenninga til væska gjer overflaten minst mogleg, slik at tilstrekkeleg små og svevande dropar vil få kuleform (lekamen med størst volum for ei viss overflate).

Når dropar blir danna ved at væske dryp ut av eit rør, vil alle dropane vere like store. Storleiken er bestemt av at overflatespenninga berre kan halde tyngden av ein viss væskemasse i form av ein liten sekk. Blir massen større, vil den hengjande dråpen snevrast inn øvst og sleppe røyret han heng i.

Vatn kan danne større dropar enn noko anna væske på grunn av den store overflatespenninga til denne væska. Ein drope destillert vatn har ein masse på ca. 0,05 g. Regndropar har som regel eit tverrmål på 2–4 mm, ved styrtregn 5 mm, ved duskregn mindre. Tåke består av små vassdropar med eit tverrmål på omtrent 0,01 mm. I skyer er dropane noko større, omtrent 0,03 mm.

På grunn av den forskjellige brytingsindeksen til vatn og luft, kan regndropar bryte og reflektere sollys slik at regnbogar oppstår.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Drope

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Dråpe» (7. juni 2013), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 3. april 2014.