Dropsonde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
NACARs dropsonde

Dropsonde eller fallskjermsonde er ein radiosonde som vert spelt ned i fallskjerm frå fly. Sonden registrerer vêrtilhøva, medan signala vert sendt til flyet ved hjelp av ein radiosendar. Dropsondar vert nytta til utforsking av forholda over Nordishavet og for å gjere målingar i sentrum av tropiske syklonar.

Dropsonden vart utvikla av National Center for Atmospheric Research (NCAR) i USA for å gjere målingar i tropiske orkanar. Dropsonden inneheld ein GPS-mottakar, og måler lufttrykk, temperatur og fukt for å lage ein atmosfærisk profil og gje termodynamiske data.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Dropsonde» i Store norske leksikon, snl.no.