Glukose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Druesukker)
Struktur for d-glukose

Glukose er eit monosakkarid med kjemisk formel C6H12O6. Karbohydratet vert òg kalla druesukker. Det har same kjemiske formel som fruktose, men ulik struktur og dermed noko ulike eigenskapar.

Saman med fruktose kan det danna disakkaridet sukrose, og saman med galaktose kan det danna laktose. Glukose er med på å bygga opp polysakkarid som cellulose, glykogen og stivelse. Stoffet finst i fleire isomere former.

Glukose vert danna i plantar under fotosyntesen. Mange andre stoff vert brotne ned til glukose i kroppen. Stoffet finst og i blodet der det blir omtala som blodsukker.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Glukose
Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.