Drumlin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Drumlin omringa av vatn i Clew Bay i County Mayo i Republikken Irland
Profil og plan av ein drumlin

Ein drumlin (irsk droimnín, som tyder «ein liten åsrygg») er ein avlang kvalforma ås danna av isbrear. Den lange aksen går parallelt til rørsla til isen, der den stumpe enden er vendt mot isrørsla. Drumlinar kan verte over 45 meter høge og nesten ein kilometer lange. Ein finn dei ofte i eit drumlinfelt i lag med andre åsryggar med same form, storleik og orientering. Drumlinar har vanlegvis fleire lag som indikerer at jorda gradvis vert lagt oppå ei kjerne, som kan vere av stein eller ei morene.

Det er mange teoriar og mange diskusjonar om korleis dei faktisk oppstår. Enkelte reknar som ein direkte formasjon av isen, medan ein annan teori går ut på at store mengder vatn brått har flauma ut på grunn av det høge trykket under isebreen. Uansett korleis dei har oppstått vert dei rekna for å ha ei bølgjeform (på likande måte som bølgjer i sanden på ei strand eller i ei elv). Ein veit lite om kvifor drumlinar oppstår i nokre område med isbrear og ikkje i andre.

Clew Bay i Republikken Irland er eit godt døme på drumlinar i vatn der drumlinane oppstår som øyar i sjøen og dannar ein topografi som «egg i ei korg». Drumlinar ligg vanlegvis parallelt til kvarandre og kan ofte utgjere grupper på fleire hundre eller til og med fleire tusen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Drumlin

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Drumlin frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
  • Edward J. Tarbuck og Frederick K. Lutgens (2002) Earth: An Introduction to Physical Geography – Upper Saddle River, New Jersey. ISBN 0-13-092025-8.
  • Alan Trenhaile (2007) Geomorphology: A Canadian Perspective – Don Mills, Ontario. ISBN 0-19-542474-3.