Drygalski istunge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Drygalskitunga)
Drygalski istunge
isbre
Isfjell C-16 kolliderer med Drygalski istunge den 30. mars 2006.
Land  Antarktis
Stad Victoria Land
 - koordinatar 75°24′S 163°30′E / 75.400°S 163.500°E / -75.400; 163.500
Lengd 70 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Drygalski istunge
75°24′S 163°30′E / 75.4°S 163.5°E / -75.4; 163.5
Drygalski istunge is located in Antarktis
Drygalski istunge (Antarktis)
Wikimedia Commons: Drygalski Ice Tongue

Drygalski istunge, Drygalskibarrieren eller Drygalski bretunge er ein isbre i AntarktisScott Coast, nord i McMurdo Sound i Ross Dependency i Antarktis, 240 km nord for Ross Island. bretunga er stabil og strekkjer seg 70 km ut i sjøen frå Davidbreen, og når sjøen frå ein dal i Prince Albert Mountains i Victoria Land. Drygalski istunge er frå 14 til 24 km brei.

Kaptein Robert Falcon Scott, leiaren for Discovery-ekspedisjonen (BrNAE) (1901-1904), oppdaga Drygalski istunge i januar 1902 and namngav han etter professor Erich von Drygalski, som då samstundes var i Antarktis med ein tysk ekspedisjon. Drygalski istunge vart det vanlege namnet før det vart vanlege å gje bretunga og isbreen han høyrer til same namnet. Sjølv om dette er ei bretunge vart namnet istunge nytta i namnet for å hindre fleirtydigheit.

Ein trur Drygalski istunge er minst 4 000 år gammal.

Mars-april 2005, trefte eit 3000 kvadratkilometer stort isfjell kalla B-15A istunga og braut han i to bitar, kvar med ei flate på kring 70 kvadratkilometer. Dette isfjellet var ein rest av Isfjell B-15, som kalva frå Rossisen i 2000. Forskarar vart uroa fordi fleire pingvinkoloniar vart isolerte frå det opne havet av dei to store ismassane. Mot slutten av mars 2006 kom eit anna isfjell frå Rossbarrieren, kalla C-16, og trefte istunga, som braut sundt enno eit stykke (meir enn 100 kvadratkilometer).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]