Dubai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flagget til Dubai


Dubai (arabisk دبي) er eitt av emirata i Dei sameinte arabiske emirata. Dubai er det nest største av emirata etter Abu Dhabi. Det har ei flatevidd på 4 114 km² og hadde 1 321 453 innbyggarar i 2006.

Dubai er eit innhaldsrikt land, med ei rad av dei mest særprega hotella i verda i drift og under oppføring. Mest kjent er Burj Al Arab, det einaste 7-stjernershotellet i verda, som også har vore eit ikon for landet dei siste åra. Mellom andre attraksjonar i drift eller under oppføring finn vi verdas største kunstige slalåmbakke, verdas største samling kunstige øyer (The World), verdas største fornøyelsespark (Dubai World) og verdas største skyskrapar (Burj Khalifa). Berre ca 20 % av innbyggarane er «lokale». Dei resterande 80 % kjem frå meir enn 100 land, med spesielt mange frå India, Pakistan og Filippinane. Desse etniske og kulturelle kontrastane er særdeles tydelege i bybilet. Dette er og prega av, at der er frå dobbelt så mange til tre gonger så mange menn som kvinner i Dubai.

Klimaet i Dubai kan skildrast med éitt ord: varmt. Ein svært varm sesong, som går frå mai til oktober, og ein mindre varm sesong frå november til april. Om somaren passerer temperaturen ofte 45 grader. Om vinteren ligg temperaturen mellom 13 og 21 grader. I ørkenområda er det store variasjonar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Omkring 1830 slo Baniyas-stammen under leiing av al-Maktoum-familien seg ned her. I 1853 vart Dubai ein av The Trucial States. Desse vart opphavet til Dei sameinte arabiske emirata (UAE) den 2. desember 1971. Sida byrjinga av det 19. hundreåret var golfområdet viktig for forsvaret av Storbritannia sine interesser i India. I 1892 inngjekk britane ein traktat med lokale sjeikar om å forsvare områda deira mot utanlandsk aggresjon. Denne traktaten er ein vesentleg årsak til at britane kunne bevare dominansen sin i området fram til 1971. Sjeik Saeed bin al-Maktoum, som var emir frå 1912 til 1958, vart følgd av sonen Rashid bin Saeed al-Maktoum. Inntil oliepengane tok til å strøyme i 1960 åra, betalte Storbritannia størsteparten av gildet, og hjelpte eksempelvis med oppbygging av lokale politistyrkar etter engelsk modell.

Den 30. november 1971 trekte britane seg tilbake frå golfen, og berre to dagar seinare vart Dei sameinte arabiske emirata erklært for ein sjølvstendig stat.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

I motsetnad til dei fleste andre Gulf-landa er ikkje økonomien til Dubai basert på olje. Berre 8 % av økonomien er knytt opp til oljeutvinning. Dubais økonomi er i hovudsak prega av handel og turisme. Handelen har lang tradisjon i Dubai. Storsatsinga på turisme gjennom gigantprosjekt fører til at turisme blir ei viktigare og viktigare inntektskjelde.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dubai
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.