Dubnaelva
| Dubna | ||
| Utspring | Vladimir oblast | |
| Munning | Volga | |
| Land i nedslagsfelt | ||
| Lengd | 167 km | |
| Nedslagsfelt | 5 350 km² | |
Dubna (russisk Дубна) er ei elv i Vladimir og Moskva oblast i Russland og ei av sideelvane til Volga frå høgre. Ho er 167 km lang og har eit nedslagsfelt på 5350 km².
Dubna har kjelda si mellom landsbyane Korely og Zazevitovo i Vladimir oblast, i nærleiken av byen Aleksandrov. Ho renn først hovudsakleg vestover. I Moskva oblast, nær landsbyen Filisovo svingar ho nordover, og etter å ha mottatt Sulatiu sørvestover. 6 km ovanfor Verbilok renn ho hovudsakleg nordvestover. Breiddene av elva er forholdsvis låge og myrlendte. Det er mogeleg med skipsfart 15 km frå landsbyen Berezjok til munningen.
Elva munnar ut i Volga ved byen Dubna, 8 km nedanfor Ivankovskij-reservoaret.
Dei største sideelvane hennar er Kunja, Kubzja, Velja og Sestra (den største) frå venstre, og Sulat og Khotsja frå høgre.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Дубна (река)» frå Wikipedia på russisk, den 22. oktober 2008.