Dubrovnik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dubrovnik
Ragusa
Dubrovnik-DW.jpg
Styresmakter
Land
Fylke
Kroatia
Dubrovnik–Neretva
Grunnlagd 639
Geografi
Flatevidd
 - By

143,35 km²
Innbyggjarar
 - By (2001)

49 728
Koordinatar 42°39′″N 18°04′″EKoordinatar: 42°39′″N 18°04′″E
Høgd over havet 0 m
Diverse anna
Heimeside: www.dubrovnik.hr
Plassering
Dubrovnik in croatia.jpg

Dubrovnik (tidlegare kalla Ragusa) er ein gamal by på kysten av Adriatarhavet i Dalmatia i Kroatia. Han vart grunnlagd i 639, og trekk i dag til seg mykje turisme. Byen vert ofte kalla Adriatarhavets perle. Den gamle delen av byen er ført opp på UNESCO si verdsarvliste.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gamlebyen i Dubrovnik

Byen vart grunnlagd av folk som flykta fra avarane. Etter at avarane øydela den greske kolonien Epidauros, som ligg i Den saroniske bukta, flytta innbyggjarane seg nordover og slo seg ned i området som vart Dubrovnik. Byen vart allereie i 896 underlagt Austromarriket og vart ein svært viktig handelsby med ein flåte på over 300 fartøy.

I mellomalderen var byen ein rival til Venezia, som den einaste frie bystat i det austlege Adriatarhavet. På 1400- og 1500-talet fekk byen eit merkverdig nivå, takka vere sin velstand og diplomatiske evner.

Seinare kom byen under osmansk herredøme, og frå 1815 underlagt Keisardømet Austerrike og seinare Austerrike-Ungarn. I 1918 vart byen ein del av Kongeriket Jugoslavia då det vart oppretta.

Dubrovnik har vore sentral i utviklinga av det kroatiske språket. Han var heimstad for mange viktige poetar, forfattarar, matematikarar, fysikarar og andre forskarar.

Dubrovnik er rekna som ein av dei vakraste og best bevarte byane i Middelhavsområdet, men vart utsett for eit kraftig bombardement under krigen i det tidlegare Jugoslavia i 1991, som skada store delar av Gamlebyen, trass i at denne var heilt utan militær verdi. Gamlebyen er i ettertid rehabilitert.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]