Duccio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Duccio

Statsborgarskap Italia
Fødd 1255
Siena
Død

1319 (64 år)
Siena

Yrke kunstmålar
Sjanger religiøst maleri
Duccio på Commons

Duccio di Buoninsegna (ca. 12551319) var ein italiensk målar som arbeidde i fødebyen Siena, der han også døydde. Til liks med sine samtidige måla han over religiøse tema. Han påverka målinga til Simone Martini og brørne Pietro og Ambrogio Lorenzetti.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Madonna Rucellai, 1285

Duccio var den første og kanskje den fremste av dei religiøse målarane frå bystaten Siena. Han vert rekna som ein av dei viktigaste tolkarane av den bysantinske tradisjonen, men vidareutvikla denne mykje formelle tradisjonen med å legge til naturalistiske og realistiske element. Kunstverka innan den bysantinske tradisjonen uttrykte religiøsitet gjennom todimensjonelle figurar, utan ambisjon om å avbilde personane realistisk. Duccio, derimot, måla personar som verka levande og som syntest vere i rørsle. Sjølv om dei tidlege verka hans frå omkring 1270 er forma i samsvar med den bysantinske tradisjonen med gullfarga bakgrunn, inneheld særskilt dei seinare verka hans dei første teikna på den naturalismen som kom til å prege ungrenessansen. Denne realismen fekk stor innverknad på andre samtidige målarar frå Siena, som fylgde opp Duccios måte å måle på.

Duccio er særleg kjend for verket Madonna Rucellai frå 1285. Biletet vart laga til basilikaen Santa Maria Novella i Firenze, men er no i Uffizigalleriet i same byen. Han er også kjent for Maestà, eit veldig altarbilete som han byrja på i 1308 og fullførte tre år seinare. Dette måleriet er i domkyrkja i Siena.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]