Dudinka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dudinka
Дудинка
Byvåpenet til Dudinka
Byvåpenet til Dudinka


Plassering
Dudinka is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Krasnojarsk kraj
Grunnlagd
Bystatus
1667
1951
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2010)

22 200
Koordinatar 69°24′00″N 86°11′00″EKoordinatar: 69°24′00″N 86°11′00″E
Tidssone
- Ved sommartid
KRAT (UTC+7)
KRAST (UTC+8)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 39111

Dudinka (russisk Дудинка) er ein by i Russland med om lag 22 200 innbyggjarar (2010)[1] og var hovudstad i det tidlegare autonome distriktet Tajmyr, som i 2007 blei del av Krasnojarsk kraj. Byen ligg ved breidda av elva Jenisej like sør for Nordishavet.

Luftfoto av Dudinka

Dudinka har hamn for havgåande fartøy og er ei av dei viktigaste hamnene i Sibir langs Nordaustpassasjen. Den nordlegaste elektrifiserte jernbanen i verda knyter Dudinka til Norilsk, 96 kilometer borte, og flyplassen Alykel, 40 kilometer borte.

Busetjinga vart grunnlagd i 1667. Sidan 2001 treng utanlandske borgarar særskilt løyve for å vitja Dudinka. I sovjettida fram til 1991 var byen stengt for utlendingar.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010