Duefamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Duefamilien


Dolkestikkdue
Dolkestikkdue (Gallicolumba luzonica

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Aves
Orden: Columbiformes
Vitskapleg namn
Columbidae

Duer (Columbidae) er ein fuglefamile med 308 artar som høyrer til duefuglane. Dei er særmerkte ved at dei kurrer og gjev ungane sine «duemelk» frå kroen. Fuglane har kompakte kroppar med kort hals og korte, slanke nebb.

Den best kjende duetypen i Noreg og mange andre stader er klippedue eller bydue (Columba livia) som held til i byar. I Noreg finst òg skogdue (Columba oenas), ringdue (Columba palumbus), turteldue (Streptopellia turtur) og tyrkardue (Streptopelia decaocto).

Duer i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Den heilage anden som due i ein freske av Correggio.

Fuglane er blitt sett på som fredelege, elskelege vesen, og er gjennom turtelduer blitt symbol på kjærleik medan kvite duer står for fred. Innan kristendommen symboliserer fuglen den heilage anden. Fleire namn er blitt tekne frå fuglen, som det nederlandske Dyveke og det spanske Paloma.

Duer og menneske[endre | endre wikiteksten]

Den gode retningssansen til fuglane har gjort at ein kunne bruka dei som brevduer. I dag held ein òg konkurranseduer som skal finna heim raskast mogleg.

Mange har gleda seg over å gje duer mat på torg i ulike byar. Men auken av byduebestanden har mange stader ført til motstand mot dyra, som bråkar, forsøplar og kan spreia sjukdom. Derfor er det fleire stader, som på Picadilly Circus i London innført forbod mot å mata duer.

Slekter frå duefamilien[endre | endre wikiteksten]

Med eit utval artar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Duefamilien