Dufek Massif

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 82°36′S 52°30′W
Dufek Massif
fjellkjede
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Coats Land
 - koordinatar 82°36′S 52°30′W
Høgaste punkt England Peak
 - høgd 2 150 moh
Lengd 50 km
Areal 11 668 km²
Administrert under Antarktistraktaten
Dufek Massif is located in Antarktis
Dufek Massif (Antarktis)

Dufek Massif er eit ulendt, stort sett snødekt fjellmassiv vest for Forrestal Range nord i Pensacolafjella. Det vart oppdaga og fotografert den 13. januar 1956 på ein flytur over kontinentet under Operasjon Deep Freeze frå McMurdo Sound til Weddellhavet og attende, og vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter kontreadmiral George J. Dufek i US Navy, som var ein av kommandørane under operasjonen. Heile Pensacolafjella vart kartlagde av U.S. Geological Survey i 1967 og 1968 frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy i 1964.[1]

Fjellkjeda dekkjer 11 668 km2 og det høgaste punktet er England Peak på 2150 moh.

Dufek Coast, Dufek Head og Dufek Mountain er òg kalla opp etter Dufek. Andre kjende stader i fjellkjeda er Kelley Spur, ein utstikkar 2 nautiske mil aust for Spear Spur på sørsida av Dufek Massif.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]