Duisburg

Koordinatar: 51°27′0″N 6°45′0″E / 51.45000°N 6.75000°E / 51.45000; 6.75000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Duisburg
Hamna i Duisburg
Hamna i Duisburg
Hamna i Duisburg
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Duisburg
Duisburg is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Nordrhein-Westfalen
Düsseldorf
Kreisfri by
Geografi
Flatevidd
 - By

232,82 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2007)
   - folketettleik

499 111
  2 141/km²
Koordinatar 51°27′0″N 6°45′0″E / 51.45000°N 6.75000°E / 51.45000; 6.75000
Høgd over havet 31 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 47001-47279
Telefon-retningsnummer 0203
Bilnummer DU
Heimeside: www.duisburg.de

Duisburg er ein by i Tyskland i den vestlege delen av Ruhr-området i delstaten Nordrhein-Westfalen. Han er ein eigen bykommune innanfor regionen Düsseldorf. Duisburg ligg ved Rhinen og har den største innlandshamna i Europa, nær Düsseldorf internasjonale flyplass, og har derfor vorte eit viktig senter for handel og stålproduksjon.

Sidan 1970-åra har Universitetet Duisburg-Essen utdanna studentar frå heile verda. Med 14 fakultet og meir enn 33 000 studentar er universitetet eit av dei ti største i Tyskland.

Fleire omliggande tettstader og mindre byar er vorte innlemma i Duisburg opp gjennom åra, og han er i dag den tolvte største byen i Tyskland og den femte største i Nordrhein-Westfalen med om lag 500 000 innbyggjarar. Byen er kjend for stålindustrien. Det er framleis ei kolgruve i drift, men det har aldri vore like omfattande gruvedrift etter kol i Duisburg som i resten av Ruhr-området. Alle masomnane i Ruhr ligg no i Duisburg. 49 % av all bly og 34,4 % av all råstål i Tyskland vert i dag produsert her.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Duisburg ligg der elva Ruhr munnar ut i Rhinen og nær utkanten av Bergisches Land. Byen ligg på begge sider av desse elvane. Av nabobyar til Duisburg finn ein Oberhausen, Mülheim an der Ruhr, Ratingen, Düsseldorf, Krefeld, Moers, Rheinberg og Dinslaken

Historie[endre | endre wikiteksten]

Romartida[endre | endre wikiteksten]

Seinare arkeologiske funn viser at dagens marknadsplass alt var i bruk i det 1. hundreåret. Han har vore den sentrale handelsstaden i byen sidan 400-talet. Sjølve byen låg ved «Hellweg», ein viktig veg i mellomalderen, og ved ein vadestad over Rhinen. Romarane vakta over dette kryssingspunktet. I 420 reiv frankarar til seg den romerske busetnaden og nykoloniserte den gamle delen av byen. I 883 erobra normannarane Duisburg og var her heile vinteren. Dette var òg første gong Duisburg vart nemnd i nedskrivne kjelder.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Kart over Duisburg, 1566

På grunn av den nyttige plasseringa til byen vart det oppretta eit pfalzgrevskap her og byen fekk snart privilegium som fri keisarby (1279). Duisburg vart eit medlem av Hansaen. Rundt 1000 tok Rhinen eit elveløp lenger vest for byen, og dette sette ein stoppar for byen som handelsstad og han vart ein roleg landsby. I 1120 vart det bygd bymurar rundt Duisburg. Erkebiskopen av Köln gjekk til åtak på byen i 1445, men vart slått tilbake. I 1566 teikna Johannes Corputius eit bykart over Duisburg. Duisburg under Hertugdømet Cleves vart i 1666 ein del av Brandenburg og Preussen

Industriell revolusjon[endre | endre wikiteksten]

Tobakk- og tekstilindustrien gjorde Duisburg til eit industrisenter på 1700-talet. Store selskap som jern- og stålproduksjonsfirma (Thyssen og Krupp) påverka utviklinga av byen, og mange arbeidarar flytta til byen for å arbeide på fabrikkane. I 1846 fekk byen si første jernbanelinje til Düsseldorf. Byen oversteig 100 000 innbyggjarar i 1904.

Den andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Som eit stort senter for logistikk og produksjon av kjemikaliar, stål og jern var Duisburg eit av hovudmåla for dei allierte bombetokta under den andre verdskrigen. Både industriområda og bustadkvartera vart bomba. 12.-13. juni 1941 slapp britiske bombefly totalt 445 tonn med bomber over byen, og i mai 1943 slapp 577 britiske bombefly 1 599 tonn med bomber og 96 000 menneske vart heimlause. I mai 1944 vart 2000 tonn med bomber slept over byen, medan det i oktober same år vart slept ned meir enn det dobbelte som ein del av Operasjon Hurricane. I 1945 bygde ei ingeniørgruppe frå den amerikanske hæren ei 860 meter lang jernbanebru over Rhinen på berre seks dagar og femten timar. Brua fekk namnet «Sigersbrua»[2].

Etterkrigstida[endre | endre wikiteksten]

Totalt 299 bombetokt hadde nesten jamna byen med jorda. 80 % av alle bygningar var heilt eller delvis øydelagd, og nesten heile byen måtte byggast opp att og dei fleste historiske landemerkene var gått tapt.

I 19. juli 2004 vart Duisburg råka av ein tornado. Teateret og delar av sentrum vart øydelagd.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Duisburg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]