Duke av Genesis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Duke
Studioalbum av Genesis
Språk engelsk
Utgjeve 24. mars 1980
Innspelt November og desember 1979
Studio Polar i Stockholm i Sverige
Sjanger
Lengd 55:06
Selskap Charisma
Produsent
Genesis-kronologi 
...And Then There Were Three...
(1978)
Duke Abacab
(1981)


Singlar frå Duke
  1. «Turn It On Again»
    Utgjeve: 8 Mars 1980
  2. «Duchess»
    Utgjeve: 9. mai 1980
  3. «Misunderstanding»
    Utgjeve: 10. mai 1980

Duke er det tiande studioalbumet til det engelske rockebandet Genesis, gjeve ut i mars 1980 på Charisma Records. Albumet kom etter ein rolegare periode for bandet tidleg i 1979. Phil Collins flytta til Vancouver i Canada, i eit forsøk på å redde det første ekteskapet sitt, medan Tony Banks og Mike Rutherford spelte inn soloalbum. Collins kom attende til Storbritannia då ekteskapet hans var over og skreiv mykje musikk. Noko av dette vart nytta på Duke og noko vart sidan omarbeidd til det første soloalbumet hans, Face Value. Duke bestod av ei blanding av songar skrivne av bandmedlemmane kvar for seg og spor som utvikla seg frå jammar på sommaren 1979, medan innspelinga fann stad på slutten av året. Pausen gav bandet ny giv og dei meinte albumet var lett å arbeide på.

Duke fekk positive meldingar i media, som meinte albumet klarte å lage ei bru mellom den progressiv rock-prega fortida deira, via eksperimentelle stykke som den ti minuttar lange avslutninga «Duke's Travels»/«Duke's End»-suiten, og dei meir poprock-aktige, kommersielle songane, som hitsinglane «Turn It On Again», «Duchess» og «Misunderstanding». Det var det første albumet deira som gjekk til topps på albumlista i Storbritania, og det har selt til platinaplate i både Storbritannia og USA.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I 1978 var Genesis blitt ein trio som bestod av songaren og trommeslagaren Phil Collins, klaverspelaren Tony Banks og gitaristen og bassisten Mike Rutherford. Dei hadde overlevd at både den opphavlege frontmannen Peter Gabriel og gitaristen Steve Hackett drog, og gjeve ut albumet ...And Then There Were Three..., som inneheldt hitsingelen «Follow You Follow Me».[1] Gruppa følgde opp med ein suksessrik turné og likte å skrive songar i lag. Dei valde å ta ein pause før dei kom saman att for å skrive songar og spele inn eit nytt album, som stort sett vart skriven som ei gruppe i eit øvingslokale, utan for mange idear klare på førehand.[2]

Turneane deira hadde særleg lagt press på Collins, som hadde ekteskapsproblem då han var så mykje borte. Kona hans, Andrea, hadde åtvara han at om han fullførte heile ...And Then There Were Three...-turneen, så kom ikkje ho til å vere der når han kom heim att.[3] Collins var derimot overtydd om at Genesis var på randa av eit internasjonalt gjennombrot og at arbeidet hans med bandet kom til å betale seg framover.[4] Mot slutten av 1978 valde Andrea å flytte til Vancouver i Canada med barna deira. Collins forstod at ekteskapet hans var viktigare enn bandet og hadde eit møte med Banks, Rutherford og manageren Tony Smith. Han sa ha kom til å flytte til Vancouver for å prøve å redde ekteskapet, og gruppa måtte godta dette.[5] I eit intervju for Sounds sa Collins «eg drog av stad for to månader for å prøve og fikse ting ... det var ikkje meininga å forlate bandet. Det var berre det at om eg skulle bu i Vancouver så måtte me organisere oss annleis.»[6] Han sa òg at medlemmane i sideprosjektet hans Brand X òg var geografisk spreidd.[6]

Banks og Rutherford føreslo at bandet skulle ta ein lengre pause, og håpa at Collins kunne klare å redde ekteskapet og at bandet kunne arbeide med han i Vancouver.[5] Banks spelte inn soloalbumet A Curious Feeling i Polar Studios i Stockholm med turnétrommisen til Genesis, Chester Thompson, og songaren Kim Beacon.[7] Rutherford spelte òg inn det første soloalbumet sitt, Smallcreep's Day, i same studio.[6] I april 1979 kom Collins attende til Storbritannia etter at han ikkje klarte å redde ekteskapet. Med tid til overs før Genesis byrja på det neste albumet, spelte han konsertar med Brand X, og byrja å arbeide med demospor for det som vart soloalbumet Face Value i heimen sin i Shalford i Surrey. I tillegg til å spele piano og synthesizer, hadde han nyleg fått tak i ein trommemaskin frå Roland og vart interessert i elektroniske trommer.[6][8]

Skriving og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Duke var det siste Genesis-albumet som vart produsert av David Hentschel.

Hausten 1979 flytta Banks og Rutherford inn til Collins i Shalford for å øve til Duke. Collins hadde skrive mange songar, men meinte dei ikkje passa til Genesis, medan Banks og Rutherford begge hadde for lite materiale sidan dei nettopp hadde spelt inn soloalbuma sine.[9] Dei fann ut at kvar av dei tre skulle kome med to eigne songar kvar, som bandet kunne arbeide på. Banks kom med «Heathaze» og «Cul-de-Sac», Rutherford med «Man of Our Times» og «Alone Tonight», og Collins med «Misunderstanding» og «Please Don't Ask». Resten av songane vart skrivne i lag på øvingane.[10] Banks har seinare angra på at dei ikkje tok med Collins sin «In the Air Tonight» på albumet.[11] Songen hans «Cul-de-Sac» vart eit problem for Collins sidan stilen og teksten ikkje lenger interesserte han, og Banks forstod at han burde ha brukt denne på soloprosjekta sine i staden.[12]

Gruppa fann ut av det lettare og kjekkare å skrive songar no enn det hadde vore for ...And Then There Were Three..., som hovudsakleg bestod av songar skrivne på førehand av medlemmane. Rutherford skildra denne tida som «tilbake til då grunnideane vart utarbeidd i lag».[6] Banks meinte den friske haldninga til bandet kom av at dei ikkje hadde arbeidd i lag på ei stund, som førte til at dei «gode ideane» kom fram, noko han meinte ikkje hadde skjedd på ei stund.[6] Collins meinte bandet samhandla «mykje betre som ei gruppe ... det var heilt klart ei side ved oss som kom fram som ikkje var på det førre albumet, ei leiken side».[6] Rutherford skildra seinare skriveprossessen for albumet, og for Abacab, som ein «revurdering» av korleis Genesis laga musikk på, der dei fokuserte på å skrive i lag og improvisasjon.[13] I motsetnad til tidlegare Genesis-album, var dei fleste songane korte, med unntak av den ti minuttar lange suiten «Duke's Travels»/«Duke's End» som avsluttar albumet.[14]

«Behind the Lines» var den første songen arrangert for albumet og «Duchess» kom til frå rytmar Collins hadde spelt på trommeputene sine.[15] I den originale forma si var «Behind the Lines», «Duchess», «Guide Vocal», «Turn It On Again», «Duke's Travels» og «Duke's End» eit 30 minuttar langt spor som fortalte ei soge om den oppdikta personen Albert med arbeidstittelen «Duke». Gruppa valde dette namnet fordi fanfare-melodiane på «Behind the Lines» og «Duke's End» skapte eit bilete av ein kongeleg.[16] Bandet gjekk bort frå ideen om å setje saman desse spora på denne måten på albumet, dels for å unngå å bli samanlikna med den 23 minuttar lange «Supper's Ready» frå Foxtrot, men òg fordi dei ville gje ut delar av suiten, som «Duchess» og «Turn It On Again», ut på singlar. Dei seks spora vart framført i lag på turneen etter albumet, der Collins introduserte det som «The Story of Albert.»[17] «Turn It On Again» var opphavleg eit kort stykke som knytte saman midten av denne medleyen, men bandet likte han så godt at dei valde å doble lengda og gjere han til ein meir ordinær song.[11] Han kom frå eit stykke som Rutherford valde å ikkje ta med på Smallcreep's Day og eit anna stykke av Banks som dei sette saman.[18] Gruppa vurderte å setje band-songane på side ein og dei individuelt skrivne songane på den andre, men gjekk bort frå dette. Rutherford skildra den endelege rekkjefølgja som «eit særs balansert album».[19]

Gruppa drog til Polar Studios for å spele inn albumet, og byrja 12. november 1979, og spelte inn musikk til slutten av året.[20][6] Som med fleire tidlegare album, var bandet produsentar sjølve i lag med David Hentschel.[19] Collins brukte ein Roland CR-78-trommemaskin for «Duchess»; som var første gongen på ein Genesis-song.[14][21]

Plateomslaget vart laga av den franske teiknaren Lionel Koechlin og teken frå boka hans L'Alphabet d'Albert frå 1979.[22][23] Bandet likte arbeidet hans og valde å bruke det som plateomslag, men Collins har fortalte at figuren på biletet verken refererer til hertugen eller andre songar på albumet.[16]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Collins og Rutherford på Duke-turneen i 1980

Duke kom ut i USA den 24. mars 1980[24] og i Storbritannia den 28. mars.[25] Det vart den største salssuksessen deira til då. Albumet låg to veker på toppen av UK Albums Chart[26] og nådde 11. plassen på den amerikanske Billboard 200.[27] Dei gav ut tre singlar frå albumet: «Turn It On Again» som nådde åttandeplassen i Storbritannia og 58. plassen i USA, «Duchess» som nådde 46. plassen i Storbritannia og «Misunderstanding» som nådde 42. plassen i Storbritannia og 14. plassen i USA.[28] Duke selde til platinaplate i Storbritannia 3. juli 1980[25] og 11. mars 11988 i USA.[24]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[29]
Q3/5 stars[30]
The Rolling Stone Album Guide4/5 stars[31]
Smash Hits6/10[32]
Sounds4/5 stars[33]

Duke fekk stort sett god kritikk av musikkritikarane. I meldinga for Rolling Stone skreiv David Fricke at «Turn It On Again» er «livleg rock & roll» og at «Man of Our Times», «Duchess», «Duke's Travels» og «Duke's End» «har eit frisk driv». Fricke sakna Gabriel og Hackett i besetninga, men oppsummerte likevel Duke som «trøystande: ei forsikring om at Genesis ikkje er klare for ei utvandring enno.»[34] I Sounds gav Hugh Fielder albumet fire av fem stjerner og likte opninga av «Behind the Lines». Han rekna vokalen til Collins som «meir overtydande enn før». Han meinte den første sida var betre enn den andre, og kritiserte noko av teksten, men konkluderte med at «Genesis-fansen kjem ikkje til å bli skuffa».[33] Los Angeles Times og Steve Pondskildra musikken på albumet som «lett gjenkjenneleg som Genesis, men det er tona ned» og «eit meir sjølvsikkert og suksessrikt album enn ...And Then There Were Three...». Han kritiserte albumet for å vere inkonsekvent i mangel på «melodisk nyvinning» på side ein, men meinte «Duke's Travels» og «Duke's End» var «ein av dei beste og mest konsistent musikkstykka bandet hadde laga på ei stund».[35]

I ei seinare melding skreiv Stephen Thomas Erlewine i AllMusic at Duke var det Genesis-albumet som «hoppa inn i popen», men heldt likevel «ein kraftig dose» progressiv rock med «Duke»-suiten. Erlewine meinte albumet var «noko bombastisk» til tider. «Misunderstanding» og «Turn It On Again» var to av spora som «synte den nye versjonen av Genesis på sitt absolutt beste».[29]

Nyutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Ei digitalt ommastra versjon av Duke kom ut på CD i 1994 på Virgin i Europa og Atlantic i USA og Canada. CD-en inneheldt det originale heftet, omslaget og tekstane.[36] Det kom ut på ny i 2007 som ein del av plateboksen Genesis 1976–1982, med ein ny stereo- og 5.1-kringlyd miks og ein DVD med intervju, musikkvideoar, konsertopptaka og turnéprogram.[37]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Behind the Lines»Tony Banks, Phil Collins, Mike Rutherford5:31
2.«Duchess»Banks, Collins, Rutherford6:40
3.«Guide Vocal»Banks1:18
4.«Man of Our Times»Rutherford5:35
5.«Misunderstanding»Collins3:11
6.«Heathaze»Banks5:00
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Turn It On Again»Banks, Collins, Rutherford3:50
2.«Alone Tonight»Rutherford3:54
3.«Cul-de-sac»Banks5:02
4.«Please Don't Ask»Collins4:00
5.«Duke's Travels»Banks, Collins, Rutherford8:41
6.«Duke's End» (instrumental)Banks, Collins, Rutherford2:04

B-sider[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Evidence of Autumn»Banks4:58
2.«Open Door»Rutherford4:08

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Genesis

  • Tony Banks – klaverinstrument, korvokal, 12-strengsgitar, and
  • Mike Rutherford – gitarar, bassgitar, basspedalar, korvokal
  • Phil Collins – trommer, vokal, trommemaskin, perkusjon, and

Produksjon

  • David Hentschel – korvokal, produsent, lydteknikar
  • Genesis – produsent
  • Dave Bascombe – assisterande lydteknikar
  • Ray Staff – mastering
  • Lionel Koechlin – plateomlag
  • Bill Smith – kunstnarisk leiar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bowler & Dray 1992, s. 148.
  2. Bowler & Dray 1992, s. 152–153.
  3. Bowler & Dray 1992, s. 151.
  4. Bowler & Dray 1992, s. 154.
  5. 5,0 5,1 Bowler & Dray 1992, s. 155.
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 6,7 Fielder, Hugh (27 Oktober 1979). «The return of... Getting it together in the Country». Sounds. Henta 11. mars 2020. 
  7. Bowler & Dray 1992, s. 156–157.
  8. Bowler & Dray 1992, s. 160.
  9. Bowler & Dray 1992, s. 162.
  10. Bowler & Dray 1992, s. 162–163.
  11. 11,0 11,1 Welch 2011, s. 94.
  12. «Phil on Genesis». Genesis Information – Issue 19. April 1981. s. 2. Henta 15. mars 2020. 
  13. Fischer, Mark (host); Rutherford, Mike; Collins, Phil (September 2006) [3. september 2001]. ««Duke/Abacab» 25th Anniversary». In the Studio with Redbeard. Beardedfisch – via YouTube. 
  14. 14,0 14,1 Bowler & Dray 1992, s. 164.
  15. Young, Jon (Mars 1982). «The Genesis Autodiscography». Trouser Press 71: 16–21. Henta 12. mars 2020. 
  16. 16,0 16,1 Van Matre, Lynn (27. juni 1980). «Genesis: No concept behind Genesis' 'Duke' album». Fort Lauderdale News. s. 89. Henta 10. mars 2020 – via Newspapers.com. 
  17. Gett, Steve. «Genesis : Civil Hall, Guildford». Arkivert frå originalen 31. august 2015. Henta 15. mars 2020. 
  18. Dann, Jonathan; Hewitt, Alan; Morton, Peter (1995). ««The A to Z of Genesis» - Tony Banks talks about his career with the band». The Waiting Room Online. Henta 15. mars 2020. 
  19. 19,0 19,1 Bowler & Dray 1992, s. 165.
  20. Welch 2011, s. 93.
  21. Dean, Matt (2011). The Drum: A History. Scarecrow Press. s. 258. ISBN 978-0-810-88171-6. 
  22. Duke. Charisma Records. 1980. CBR 101. 
  23. Koechlin, Lionel (1979). L'Alphabet d'Albert. Jannick. ISBN 978-2-902-46204-9. 
  24. 24,0 24,1 «RIAA Gold and Platinum Search for albums by Genesis». Recording Industry Association of America. Page 3. Henta 15. mars 2020. 
  25. 25,0 25,1 «Certified Awards». BPI. Select keyword «Genesis», By award : Gold, By Format : Album, navigate to page 2. Arkivert frå originalen 25. juni 2014. Henta 15. mars 2020. 
  26. «Number 1 Albums – 1980s». The Official Charts Company. Arkivert frå originalen 9. februar 2008. Henta 15. mars 2020. 
  27. Welch 2011, s. 95.
  28. Welch 2011, s. 95–97.
  29. 29,0 29,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Duke – Genesis | AllMusic». AllMusic. Henta 11. mars 2020. 
  30. Fyfe, Andy (May 2007). «Genesis : Duke». Q (250). 
  31. Nathan Brackett; Christian David Hoard (2004). The new Rolling Stone album guide. New York: Simon & Schuster. s. 327–328. ISBN 978-0-7432-0169-8. 
  32. Starr, Red. «Genesis: Duke». Smash Hits (17–30. april 1980): 30. 
  33. 33,0 33,1 Fielder, Hugh (5. april 1980). «Power pomp supremos». Sounds: 34. 
  34. Fricke, David (9. april 1980). «Duke». Rolling Stone. 
  35. Pond, Steve (25. mai 1980). «Genesis puts up its 'Duke'». Los Angeles Times. 
  36. «Duke – Genesis : Releases». AllMusic. Henta 11. mars 2020. 
  37. «Duke [UK Bonus DVD]». AllMusic. Henta 11. mars 2020.