Dulas Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Traeth Yr Ora og i bakgrunnen Traeth Dulas

Dulas Bay (walisisk Bae Dulas) er ei lita bukt på nordaustkysten av Anglesey (Ynys Môn) nord i Wales. Bukta grensar til tre strender.

I nordvest ligg stranda Traeth Dulas (Dulasstranda) og søraust for denne den vesle Traeth Bach (Veslestranda) og sandstranda Traeth Yr Ora (Stranda ved den befesta landgangsstaden).

Om lag 2 km ut i bukta ligg den vesle øya Ynys Dulas, der det finst sel.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sel i Wales

Koordinatar: 53°22′31″N 4°16′17″W