Dulong–Petit-lova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dulong–Petit-lova er ei lov i fysikken som seier at molar varmekapasitet for alle grunnstoff i fast tilstand er ca. 25 joule/(mol · kelvin). Lova gjeld ikkje eksakt, og enkelte grunnstoff, som bor og karbon, har mykje lågare molar varmekapasitet. Ved låge temperaturar blir han mindre enn det lova seier og ved særs høge temperaturar er han større. Avvika kan forklarast kvanteteoretisk og vart først gjort av Albert Einstein og Peter Debye.

Lova vart lagt fram i 1819 av dei franske fysikarane Pierre Louis Dulong og Alexis Thérèse Petit.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]