Dumont d'Urville-stasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dumont d'Urville-stasjonen
stasjon
Dumont d'Urville-stasjonen
Land  Antarktis
Stad Archipel de Pointe Géologie
 - koordinatar 66°39′46″S 140°0′07″E / 66.66278°S 140.00194°E / -66.66278; 140.00194
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Dumont d'Urville-stasjonen
66°39′46″S 140°00′05″E / 66.662833°S 140.001333°E / -66.662833; 140.001333
Dumont d'Urville-stasjonen is located in Antarktis
Dumont d'Urville-stasjonen (Antarktis)
Wikimedia Commons: Dumont d'Urville Station

Dumont d'Urville-stasjonen (fransk Base Dumont d'Urville) er ein fransk forskingsstasjon som ligg i Antarktis på Île des Pétrels i Archipel de Pointe Géologie i Adélie Land. Han er kalla opp etter oppdagaren Jules Dumont d'Urville då ekspedisjonen hans gjekk i land på Rocher du Débarquement i Dumoulin Islands i øygruppa den 21. januar 1840. Han vert driven av «France Polar Institute Paul-Émile Victor», eit delvis offentleg og delvis privat institutt.

Den første franske forskingsstasjonen i Antarktisk, Port Martin, 62 km aust for D'Urville, vart øydelagd i ein brann natt til 23. januar 1952, utan at nokon kom til skade. I 1952 vart ein liten base bygd på Île des Pétrels for å studere hekkeplassen til keisarpingvinar. Denne basen vart kalla Base Marret. Sidan hovudbasen Port Martin var gått tapt, vart Base Marret vald som stad for overvintring i 1952/1953. Den nye hovudbasen, Dumont D'Urville-stasjonen, vart bygd på den same øya og opna 12. januar 1956 for å tene som senter for den franske forskinga i Antarktis under Det internasjonale geofysiske året 1957/1958. Stasjonen har vore aktiv sidan den gong.

30-40 personar kan gå i land til stasjonen samstundes. Is og kraftig katabatisk vind hindrar ofte landgangar, anten med gummibåt eller med helikopter. Stasjon har huse kring 30 overvintrande og 120 personar om sommaren. Isbrytaren «Astrolabe» fører forsyningar og personell til stasjonen frå hamna i HobartTasmania. Båten gjer fem turar mellom november og mars.

Den oscarvinnande dokumentarfilmen La Marche de l'empereur, på engelsk som March of Penguins, vart filma i området kring denne basen.

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Ein koloni med adeliepingvinar.

Ein av hovudinteressene ved basen er studiet av dyrelivet, særleg keisarpingvinar.

Om sommaren hekkar adeliepingvinar nær pasen. Joar, snøpetrellar, kjempestormfuglar, flekkpetrellar er her òg om sommaren.

Om vinteren er det berre keisarpingvinar her for å forplante seg. Kring august kjem kjempestormfuglar attende for å jakte på kyllingane til keisarpingvinane.

Somme sjødyr finst oppheld seg òg nær basen. Sjeldnare dyr ved basen er andre pingvinartar, spekkhoggarar og finnkvalar.

Aktivitet[endre | endre wikiteksten]

Klimagraf frå 1950-2012 med lufttemperaturen ved D'Urvi Sta.

Dumont d'Urville-stasjonen er først og fremst ein forskingsbase, sjølv om transort av forsyningar til Concordia-stasjonen i dag òg er ein viktig aktivitet ved basen.

Kjemi og atmosfære[endre | endre wikiteksten]

Laboratoriet i atmosfærisk kjemi ved basen vert ntytat il å analyser mellom andre svovelsambindingar i atmosfæren.

Geofysikk[endre | endre wikiteksten]

I dag er det mindre studiar av geofysikk enn i tidlegare tider ved basen. Fleire reiskapar er likevel framleis i bruk, som ein tidvassmålar, ein detektor for kosmisk stråling, ein GPS for å måle korleis Antarktis fell ned i den øvre mantelen, ein LIDAR for å analysere ozonmengda og ozonhol.

Logistikk[endre | endre wikiteksten]

Transport av personell og forsyningar til Concordia er ein viktig aktivitet ved stasjonen, særleg om sommaren. Teknikarar, inkludert elektrikarar, røyrleggarar, mekanikarar for det elektriske verket og bilmekanikarar er viktige for å drive basen året rundt.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]