Dumpar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fig. 1 Moxy 6200 S rammestyrt dumpar.

Dumpar er ei anleggsmaskin som vert nytta for å transportere jord, grus, stein og liknande, ofte på dårleg underlag. Dumparar finst i mange typar og mange storleikar. Nokre dumpartypar er bygde for bruk i terrenget, medan andre krev veg eller fast underlag. På veg, eller anna godt underlag, vert òg lastebilar utstyrte med dumparkasse nytta for massetransport.

Traktordumparar[endre | endre wikiteksten]

Fig. 2 BM Volvo Bison 473 med Livab DKD-15 drivdumpar. Nyttelast 15 tonn.
Fig. 3 Euclid B-63 dumpar, med botntømming.

Traktorar har vore nytta til transport heilt sidan dei på 1930-talet vart utstyrte med gummihjul. Det var likevel ikkje før etter den andre verdskrigen at dei vart teke i bruk i stor målestokk. I byrjinga vart det nytta vanlege tilhengarar med treplatt og trekarmar, men etter kvart kom det kraftige tilhengarar med stålplatt og stålkarmar og ut på 1950-talet kom det tilhengarar med heilsveisa dumparkassar og hydraulisk tipp på marknaden. Desse var robuste nok til å tola uvøren lasting av pukk (sprengstein).

Det svenske føretaket Livab, som tidlegare hadde produsert drivhengarar tok til å produsere dumparhengarar med drift frå kraftuttaket på traktoren. Fig. 2 syner ein av desse, Livab DKD-15, med 15 tonns lasteevne. Med drift på dumparhjula vart det mogeleg å transportere grus og stein på dårleg veg, eller til og med der det ikkje var veg. Desse drivdumparane var føregangarane for moderne rammestyrte dumparar.

Dumparen i fig. 3 vert tømt ved å opna botnen i dumparkassen. Slike dumparar vert nytta for transport av kol og treng ikkje vart fullt så robuste som dumparar bygde for å tole til dømes sprengstein.

Rammestyrte dumparar[endre | endre wikiteksten]

Fig. 4 Livab DR 631 Grus-Kalle rammestyrt dumpar (1966–1967). Nyttelast 10 tonn.
Fig. 5 Volvo A30D rammestyrt dumpar.

Rammestyrte dumparar vert nytta der det ikkje er veg. Mange er utstyrte med boggi på bakre del, fig. 1 og 5. Dette fører til rolegare gang på ujamnt underlag og betre flyteevne på laust underlag. Det kan vera drift på ein av, eller begge, boggiakslane. Rammestyrte dumparar er betre til å ta seg fram enn dei tidlegare traktordumparane og har erstatta desse.

Kraftoverføringa er vanlegvis utstyrt med hydrodynamisk dreiemomentforsterkar og automatisk elektro-hydraulisk girkasse.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Livab var på nytt ein av pionerane, då dei i 1966 introduserte DR 631 Grus-Kalle, figur 4, som vart marknadsført av Bolinder-Munktell (eit dotterselskap til Volvo), under merkenamnet BM Volvo. Livab samarbeidde med Bolinder Munktell fram til 1974, då dei vart kjøpt opp av Volvo. Grus-Kalle var verdas fyrste serieproduserte rammestyrte dumpar og var starten på dei moderne rammestyrte dumparane til Volvo, som til dømes A25 i figur 5. I 1967 inntroduserte Kockum Landsverk den rammestyrte dumparen KL 411. Det norske føretaket Moxy har produsert rammestyrte dumparar sidan 1972, då dei introduserte den sekshjulsdrivne Viking D15.

Produsentar[endre | endre wikiteksten]

Dumparar med stiv ramme[endre | endre wikiteksten]

Fig. 6 Belaz 7555 B.
Fig. 7 Liebherr T 282B.

Dumparar med stiv ramme, figur 6, 7 og 8, har motor og førarhus fremst, om lag som ein lastebil, og ei kraftig dumparkorg bak. Denne typen har ikkje like god framkomstevne som rammestyrte dumparar og vert som oftast nytta på anleggsveg.

Slike dumparar vert produserte i fleire storleikar, med lasteevne frå nokre titals tonn til opp mot 400 tonn. I den øvre enden av spektret finn ein:

  • Belaz 75600: nyttelast 320 tonn, motoreffekt 2685 kW (3651 hk)
  • Caterpillar 797B: nyttelast 380 tonn, motoreffekt 2513 kW (3417 hk)
  • Liebherr T 282B: lasteevne 365 tonn, motoreffekt 2700 kW (3670 hk)

Dumparar i denne storleiksklassen vert stort sett nytta i dagbrot. Dei er for store til å transporterast på vanlege vegar og må som oftast monterast på staden dei skal nyttast.

Kraftoverføringa har ofte hydrodynamisk dreimomentforsterkar og elektro-hydrauliskt manøvrert girkasse. For dei største modellane er det vanleg med dieselelektrisk framdrift. Dei kan ha ein, eller fleire, kraftige dieselmotorar som driv generatorar, som leverer elektrisk energi til elektromotorar plasserte i hjulnava.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fig. 8 Ein eldre dumpar i arbeid ved Kombinat Schwedt i det tidlegare DDR.

Dei fyrste dumparane av denne typen stammar frå midten av 1930-talet: Euclid var ein av pionerane då dei i 1934 marknadsførte Modell 1Z. Lastebilar hadde rett nok vorte nytta til massetransport før dette, men Euclid 1Z var truleg den fyrste spesialbygde dumparen. I røynda var 1Z ein kraftig bygd lastebil med dumparkasse, men seinare modellar fjerna seg meir og meir frå vanlege lastebilar.

Минский автомобильный завод (Bilfabrikken i Minsk, MAZ) starta dumparproduksjon i 1950. MAZ leverte nokre dumparar med elektrisk motor og fekk overført elektrisk energi via overhengande straumavtakarar, på same måte som ein trolleybuss. Dette kunne fungere bra i til dømes dagbrot, der dumparane køyrde etter faste trasear.

Produsentar[endre | endre wikiteksten]

Dumperbil[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Dumperbil
Fig. 9 Magirus Deutz 210D 26AK 6×6 med dumparkasse.

Kraftige lastebilar vert òg ofte utstyrte med dumparkasse og nytta for massetransport. Det er ikkje noko klart skilje mellom desse og spesialbygde dumparar med stiv ramme og nokre modellar høyrer like mykje til i begge gruppene.

Lastebilar som vert utstyrte med dumparkasse er som oftast kraftig bygd og det er vanleg med drift på meir enn ein aksling. Lastebilen i figur 9, til dømes, har sekshjulsdrift og er i stand til å ta seg fram på dårleg underlag. Framkomstevna er likevel ikkje like god som for rammestyrte dumparar.

Minidumpar[endre | endre wikiteksten]

Minidumpar: Thwailes.

Minidumparar vert nytta til transport av jord, grus, stein, og liknande på byggeplassar der ein ikkje kjem til med større dumparar. Det finst mange ulike typar av minidumparar. Figur 10 syner ein Thwailes minidumpar.

Beltedumpar[endre | endre wikiteksten]

Fig. 11 Komatsu MST 1100 beltedumpar, med ei lasteevne på 5 tonn.

Beltedumparar er ikkje så vanlege, men vert av og til nytta for massetransport på underlag med dårleg bereevne. Fig. 11 syner ein Komatsu MST 1100 med gummibelte.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dumpar
  • Nilsson, A., Livabvagnar och volvodumprar, Allan Nilsson og Volva Articulated Haulers AB, 2006.
  • Orlemann, E.C., Euclid and Terex earth-moving machines, MBI Publishing Company, 1997.
  • von Rosen, L., ASJ Landsverk, Sprinter AB/Maskinskyddarna, 2005.
  • Will, O.H., Pay line: International Harvester's construction equipment division, Motorbooks, 2006.