Dun kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dun kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nidaros
Prosti Namdal
Sokn Fosnes
Fellesråd Fosnes
Type langkyrkje
Arkitekt Arne Sørvig
Material tre
Innvigd 24. juli 1949
 - Endringar restaurert 1984 og 1992
Kyrkjegard det er kyrkjegard ved kyrkja
Preikestol frå 1949
Altartavle frå 1949
Sitjeplassar 230
Kart
Dun kyrkje
64°39′26″N 11°15′41″E / 64.6571°N 11.2615°E / 64.6571; 11.2615
Wikimedia Commons: Dun kirke

Dun kyrkje er ei langkyrkje frå 1949 i Namsos kommune i Trøndelag fylke. Ho ligg midt på øya Jøa, ved heimgarden til diktaren Olav Duun. Byggverket er i tre og har 230 plassar.

Eldre kyrkjer i Fosnes sokn[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja er den andre på staden. Den fyrste kyrkja på Dun vart innvigd i 1900, men brann ned etter eit lynnedslag 10. juli 1944. Før Dun vart kyrkjestad var det i Fosnesvågen nordaust på Jøa kyrkja i Fosnes sokn låg. Der skal den fyrste kyrkja skal ha vorte sett opp kring 1250. Etter at kyrkja der i 1896 hadde brunne ned for tredje gongen vart det debatt om kvar hovudkyrkja i Fosnes skulle liggje og valet fall på Dun som ligg midt på Jøa. Medverkande til at ein flytte kyrkja frå Fosnesvågen var at Salen kapell samstundes vart sett opp på Salsnes på fastlandet. For Salsnesfolket hadde det teke opptil tre dagar å kome seg til kyrkjes på Jøa.[1] Det høyrer med til soga at også den kyrkja brann ned, kapellet som står på Salsnes i dag er frå 1953.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]