Duncansby Head

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 58°38′40″N 03°01′28″W

Duncansby Head fyr
Duncansby Stacks, staurar like sør for Duncansby Head

Duncansby Head er det nordaustlegaste punktet på det skotske fastlandet,[1] ved den kjende John o' Groats i Caithness i Highland. Neset stikk utover i Nordsjøen med Pentland Firth i nord og vest og Moray Firth i sør.

Duncansby Head fyr står på neset.

Det går ein smal veg frå John o' Groats til Duncansby Head. Duncansby Head er dermed den staden som ligg lengst borte frå Land's End via veg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Undiscovered Scotland.