Dunderlandsdalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eiterå i Dunderlandsdalen. Juli 2007
Ranelva ved Storvoll i Dunderlandsdalen, mai 2007

Dunderlandsdalen er eit dalføre i Rana kommune i Nordland. Dalføret strekkjer seg frå Mo til Saltfjellet. Ranelva følgjer dalen. I Dunderlandsdalen ligg tettstaden Storforsheia, bygdene Skonseng, Røssvoll og Storvoll.

E6 følgjer dalen frå Mo i Rana til Saltfjellet. Illhøllia tunnel, mellom Nevermoen og Røssvoll opna i 2002.

Sentrale stader, frå foten av Saltfjellet i nord og sørover, er Krokstrand, Bjøllånes, Storvoll, Dunderland, Eiterå, Nevernes, Storforshei, Nevermoen og Røssvoll.

Av sidedalar finn ein mellom anna Plurdalen, Røvassdalen, Bjøllådalen, Grønfjelldalen og Virvassdalen.

Som ein del av Dunderland Iron Ore Company sitt anlegg i 1902 vart det lagt jernbane frå Storforshei til Mo i Rana, og sidan 1947 har denne traseen vore ein del av Nordlandsbanen.

I 1948 var det ei bussulykke i samband med eit samemøte.

Bergverk[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1799 har jernmalmleiene i dalen vore kjent, og den første industrielle utnyttinga av malmen skjedde i regi av Dunderland Iron Ore Company i fleire driftsperiodar, den første frå 1902. Selskapet vart avvikla i 1947. Frå 1937 har Rana Gruber drive utvinning av malmen. Norsk Jernverk vart etablert i 1946 og starta drift på magnetitt og hematitt i Mo i Rana i 1964 på malm frå Dunderlandsdalen.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Dunderlandsdalen er kjent for store førekomstar av jernmalm, glimmerskifer og tildels marmor.

Berggrunnen i Dunderlandsdalen består av kaledonsk skifer som har gjeve grunnlag for bergverksdrift; mellom anna på Fauske marmor som òg finst på Fauske. På Storforshei har det vore utstrekt drift på jern.

Folketal[endre | endre wikiteksten]

År Folketal
1998 183
2000 175
2001 165
2002 159
2003 174
2004 172
2005 174
2006 157
2007 151

Busetnad i steinalderen[endre | endre wikiteksten]

Det har vore busetnad i Dunderlandsdalen sidan steinalderen. Sommaren 2003 oppdaga ein dansk turist ei «stridsøks» (Streitaxe) ved elva Eiterå. Øksa vart overlevert kulturavdelinga ved Rana Museum den 1. juli 2004. [1]

Dette er det første funnet av den stridsøkskulturen i innlandet i Nord-Noreg. I 1913 vart det oppdaga ei 20 cm lang øks frå den same kulturhorisonten på Brattland i Utskarpen.

Øksen er ei «båt-øks» av Svensk-Norsk type frå 2800−2400 f.Kr. Ho var neppe noko funksjonel reiskap, men ei pynteøks − eit symbol på rikdom og sosial lagdeling. Kanskje høyrte ho til ein lokal høvding.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rana Blad: Fisker fant 5000 år gammel steinøks, 2. juli 2004