Dungeons & Dragons

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dungeons & Dragons-spel

Dungeons & Dragons blir rekna som verdas fyrste moderne rollespel. Gary Gygax og Dave Arneson laga det i 1974[1][2][3] med eit ynske om å leve ut det dei hadde lese i bøker som Ringdrotten av J.R.R. Tolkien. Spelet er i dag i si femte utgåve.

Spelet var opphavleg gjeve ut av Tactical Studies Rules, Inc. (TSR).[3] Frå 1997 har det vore gjeve ut av Wizards of the Coast, no eit dotterselskap til Hasbro.[4]

Spelet[endre | endre wikiteksten]

Dungeons & Dragons er eit rollespel sett i ei mellomalderverd der både magi og monster finst i mange former. For å spele må ein ha dei tre hovudregelbøkene: Dungeon Master's Guide, Player's Handbook og Monster Manual. I tillegg må ein ha eit sett med terningar. I Dungeons & Dragons blir det brukt seks terningar (d4, d6, d8, d10, d12 og d20). Av alle terningane er d20 den viktigaste. Ein av spelarane må vere spelleiar, også kalla DM eller GM. Spelleiaren brukar Dungeon Master's Guide som beskriv reglane for korleis ting fungerer i Dungeons & Dragons-universet. Spelarane vel klasse etter nokre grunnleggjande terningkast i byrjinga av spelet for å bestemme attributt (styrke, smidigheit, helse, intelligens, visdom og karisma). Kvar rase og klasse har sine eigne evner, fordelar og kanskje ulemper. Reglar og idèar for å lage rollefigurar står i Player's Handbook.

Spelet er organisert slik at spelleiaren har laga eller lese på et ferdiglaga eventyr der rollefigurane skal gjere noko, ofte heroisk, oppdrag. Spelarane står fritt til å seie kva sin rollefigur gjer i spelet, og spelleiaren, ved hjelp av eit sett med reglar, seier om det lèt seg gjere eller ikkje. Ofte er det terningkast som avgjer om ein rollefigur får til det spelaren har tenkt. I eventyret møter rollefigurane mange personar og monster som alle blir styrte av spelleiaren. I Monster Manual er veldig mange monstre skildra i detalj, og dette er eit uvurderleg hjelpemiddel for spelleiaren.

Etter kvart som spelet går sin gang får rollefigurane erfaringspoeng for det dei gjer, og med nok erfaringspoeng blir rollefigurane betre. I all enkelheit får rollefigurane nye ferdigheiter og betre plussar som blir lagde til terningane ein kastar for å sjå om ein får til det ein har tenkt. Samtidig passar spelleiaren på å auke vanskegrada i oppdraga rollefigurane får slik at det heile tida skal vere ei utfordring å spele.

Dungeons & Dragons er kva spelarane og spelleiaren gjer det til. Felles for alle er grunnreglane, og i de fleste tilfelle har spelet ingen vinnarar og ingen gitt slutt ettersom rollefigurane kan fortsette å gjere det dei vil så lenge dei vil.

Rollefigurar[endre | endre wikiteksten]

I Dungeons & Dragons har ein mange val når det gjeld å velje rollefiguren. Mest grunnleggjande er valet av ein rase og ein klasse.

Dei mest vanlege rasane er

  • Menneske. Den mest allsidige rasen.
  • Alv. Basert på dei slanke figurane i verka til Tolkien. Alvane bur som regel i skogen og verdsett fridomen.
  • Halv-alv. Krysning mellom menneske og alvar.
  • Halv-ork. Krysning mellom orkar og menneske. Store og sterke som orkar, men intelligente som menneske.
  • Dverg. Basert på dvergane frå Tolkien. Dei er korte og kraftige. Bur gjerne i byar under bakken eller inne i fjell.
  • Halfling. Opphavleg basert på dei fredelege små hobbitane frå Tolkien, men sidan modifiserte til meir slanke figurar som er meir utforskande enn hobbitane.
  • Gnom. Småfolk som liker å spele folk småpuss, men som likevel er gode.

Dei grunnleggjande klassene er

  • Skald (bard). Vandrande artistar med fleire evner.
  • Krigar (fighter). Gjennomgåande den beste til å slåst, men manglar ein del på andre evner.
  • Jeger (ranger). Naturvariant av fighter.
  • Prest (cleric). Ein slags krigarprest som blant anna kan lækje sår og slå tilbake dei som har stått opp frå dei døde.
  • Druide (druid). Naturvariant av de geistlege prestane. Kan forvandle seg til forskjellige dyreartar.
  • Barbar (barbarian). Meir brutal variant av krigar som kan gå berserk.
  • Snik/Tjuv (rogue). Tidlegare kalla «thief». Har mange evner, blant anna god til å dirke opp låsar, klatre veggar, og finne feller.
  • Ordensriddar (paladin). Ein geistleg variant av ein krigar, og er ein uredd kjempar for dei gode.
  • Magikar (wizard). Tidlegare kalla «magic-user» (magibrukar). Representerer dei klassiske magikarane som har bøker med magi som dei jamleg må studere.
  • Trollmann (sorcerer). Trollmenn brukar magi frå sjela meir enn frå hovudet slik som magikarane, og slepp difor å studere bøker. Til gjengjeld har dei langt færre typar magi å velje mellom.

Dei grunnleggjande klassene har vorte endra frå utgåve til utgåve, seinare utgåver har fleire grunnleggjande klasser enn dei tidlege utgåvene. Klassene krigar, prest, tjuv og magikar har derimot eksistert i kvar utgåve. Andre bøker utover hovudbøkene gir moglegheiter til å velje andre klasser enn dei nemnde over.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dungeons & Dragons har vore gitt ut i fleire utgåver. Nokre av dei har hatt små variasjonar i namngivinga som har gjort det vanskeleg å skilje mellom dei. Her er ei oversikt over dei forskjellige utgåvene som er publiserte:

I 1974 vart den originale Dungeons & Dragons (OD&D) utgåva utgitt av Tactical Studies Rules (TSR). Dette var eit sett med 3 bøker som blei trykka i 1000 eksemplar. I 1977 kom Dungeons & Dragons Basic Set som inneheldt ein forenkla presentasjon av reglane i tillegg til ei illustrert utgåve av Monster Manual.

I 1978 kom utgåva Advanced Dungeons & Dragons (AD&D) ut. AD&D var ei utgåve som var meint for dei som ville ha fleire detaljerte reglar på ei rekkje område der OD&D ikkje strakk til. Denne utgåva skulle seljast i spesialiserte hobby-butikkar mens den originale versjonen skulle kunne kjøpast i heilt vanlege leketøysbutikkar. Enkelte av reglane i denne nye utgåva gjekk på tvers av reglane i OD&D, og dette vart oppfatta som litt forvirrande særleg på grunn av at OD&D framleis stod i bokhyllene.

D&D Basic Set kom ut på norsk i 1982. Samstundes vart den sett om til svensk, dansk, finsk, fransk, tysk, italiensk, hebraisk, japansk og koreansk. I 1984 blei dei første bøkene i Dragonlance sagaen gitt ut, og 1987 var starten på den enorme Forgotten Realms verda,

I 1989 vart utgåva Advanced Dungeons & Dragons 2nd Edition (ofte kalla AD&D2 eller 2nd Ed) utgitt. 2nd Ed hadde mykje nye reglar rundt rollekarakterane, men også ein del justeringar og tillegg på reglane generelt. Samstundes vart det fjerna ein del ting som hadde skapt negativ publisitet som f.eks. ymtingar til djevlar og demonar, onde rollekarakterar, m.m.

Dungeons & Dragons 3rd Edition (også kalla D&D3 eller 3E)) kom ut i år 2000 etter 3 år med utvikling etter at Wizards of the Coast kjøpte opp TSR i 1997. Denne utgåva presenterte eit revolusjonerande nytt og heilskapleg regelsett mykje basert på bruk av 20-terningen (d20). Det var lagt myke vekt på at det skulle vere enkelt og spelbart slik at terskelen for å komme i gang med spelet vart myke lågare enn det var i AD&D-utgåvene. I 2003 kom Dungeons & Dragons v3.5 (også kalla D&D3.5 eller Revised 3rd Edition) ut med hundrevis av små justeringar av reglane som vart presenterte i D&D3.

Dungeons & Dragons 4th Edition vart annonsert på GenCon i august 2007, og kom ut i 2008. Denne utgåva skulle blant anna støtte rollekarakterar opp til nivå 30 og ha betre definerte roller (eller oppgåver) for dei ulike rollekarakterane. Utgåva skulle presentere reglane enklare enn tidlegare og gje støtte til speling over internett.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Waters, Darren (26. april 2004). «What happened to Dungeons and Dragons?». BBC News (på engelsk). Henta 25. februar 2020. 
  2. D'Anastasio, Cecilia (26. august 2019). «Dungeons & Deceptions: The First D&D Players Push Back On The Legend Of Gary Gygax». Kotaku (på engelsk). Henta 25. februar 2020. 
  3. 3,0 3,1 Michaud, Jon (2. november 2015). «The Tangled Cultural Roots of Dungeons & Dragons». The New Yorker (på engelsk). Henta 25. februar 2020. 
  4. Appelcline, Shannon (3. august 2006). «Wizards of the Coast: 1990 – present». A Brief History of Game. RPGnet. Arkivert frå originalen 24. august 2006. Henta 1. september 2006. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]