Dunkerque

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dunkerque
Plage de Dunkerque.jpg
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Nord-Pas-de-Calais
Nord
Først nemnd i 1067
Geografi
Flatevidd
 - By

37,34 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik
 - Storbyområde

70 850
  1 897/km²
265 974
Koordinatar 51°02′18″N 02°22′39″EKoordinatar: 51°02′18″N 02°22′39″E
Høgd over havet 4 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: www.ville-dunkerque.fr
Plassering
Dunkerque dot.png

Dunkerque (engelsk: Dunkirk; nederlandsk: Duinkerken; tysk: Dünkirchen) er ein hamneby og kommune nord i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Nord, og ligg 10 km frå den belgiske grensa. Byen har eit folketal på omkring 70 000 innbyggjarar, medan storbyområdet etter ei folketeljing i 1999 hadde 265 974 innbyggjarar.

Den mest kjende hendinga i byen si historie er den den allierte tilbaketrekkinga i byrjinga av den andre verdskrigen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dunkerque vart først nemnd i 1067 som Dunkerk (nederlandsk for «(Sand)dynekyrkja»). Både Spania, England, Nederland og Frankrike kjempa mykje om området. I Åttiårskrigen var hamna base for dei frykta Kaparane frå Dunkerque fram til byen vart erobra av Louis XIII av Frankrike i 1646. Private skipsreiarar opererte heile kaperskipsflåtar for å hindre nederlandske kjøpmenn. I Freden i Münster i 1648 vart byen igjen gjeve til Spania. I 1658 vart byen erobra av England. Han vart fransk ein gong for alle då Karl II av England selde han til Frankrike for £40 000 den 17. oktober 1662. Under regjeringstida til Louis XIV hadde mange handelskrigsbåtar igjen base i Dunkerque. Jean Bart var kjend for å gå til åtak på nederlandske skip. Mannen med jernmaska vart òg arrestert i Dunkerque.

Den andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Under den andre verdskrigen var det kraftige kampar rundt Dunkerque under den tyske invasjonen i 1940, men eit uventa opphald i kampane gjorde at mange franske og britiske soldatar kunne rømme til England. Ein rekna med at berre 50 000 eller mindre skulle få sjans til å rømme, men heile 338 226 klarte å evakuere under konstant bombeåtak («miraklet i Dunkerque» som Winston Churchill kalla det). Det tok over 900 fartøy å evakuere dei britiske og franske soldatane, og meir enn 40 000 køyretøy vart forlatne. Den britiske evakueringa av Dunkerque over Den engelske kanalen fekk kodenamnet Operasjon Dynamo.

Byen vart igjen ei slagmark i 1944, og den andre kanadiske divisjonen gjorde forsøk på å frigje byen i september då allierte styrkar trekte nordaustover etter sigeren deira under Operasjon Overlord. Tyske styrkar nekta å overgje kontrollen over byen, som hadde vorte omgjort til ei festning, og garnison der vart «maskert» av allierte troppar. Festninga gav til slutt opp i mai 1945. Under krigen vart Dunkerque i stor grad øydelagd av bomber.

Sjølv om det var ein svær prestasjon av engelskmennene å redde så mange liv ut av Dunquerke, var det tyskarane som gjorde dette mogeleg. På grunn av Hitler sin feilaktige plan om vente før dei gjekk til åtak på Dunkerque kunne dei allierte evakuere mange menn.

Etter krigen[endre | endre wikiteksten]

Karinval Dunkirk

14. desember 2002 kolliderte det norske skipet Tricolor med det Bahamas-registrerte Kariba og forliste utanfor hamna i Dunkerque. Dette gjorde det farleg å segle i Den engelske kanalen.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Dunkerque har den tredje største hamna i Frankrike etter hamnene i Le Havre og Marseille. Han er òg ein industriby, og er svært avhengig av indstrigreiner som stål, næringsmiddel, oljeraffineri, skipsbygging og kjemisk industri.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dunkerque