Dunnottar Castle

Koordinatar: 56°56′46″N 2°11′45″W / 56.94611°N 2.19583°W / 56.94611; -2.19583
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dunnottar Castle

Kart
Dunnottar Castle
56°56′44″N 2°11′48″W / 56.94569°N 2.19677°W / 56.94569; -2.19677
Dunnottar Castle
Kart over borga med porthuset (A) til venstre.

Dunnottar Castle er ei borg frå mellomalderen, no i ruinar, som ligg på eit nes på nordaustkysten av Skottland, i Aberdeenshire omtrent 3 km sør for Stonehaven. Det er datert frå 1200-talet. Dunnotar spelte ei viktig rolle i den skotske historia frå mellomalderen og fram til opplysingstida. Staden er no i privat eige, men er open for publikum. Hundretusenvis av turistar vitjar borga kvart år.

Ruinane er spreidde over 1,2 hektar og er bortimot fullstendig omringa av bratte klipper ned til Nordsjøen 50 meter nedanfor. Ein kan nå borga langs ei tynn landstripe frå fastlandet og langs ein bratt sti opp til porthuset. Klippeformasjonane og neset som strekkjer seg fleire kilometer både nord og sør er heim for titusenar av havfuglar som gjer dette området til eit av viktigaste fuglereservata i Europa for fuglepopulasjon og mangfald i artsrikdom. Den populære filmen Hamlet frå 1990 med Mel Gibson og Glenn Close vart delvis spelt inn på området til Dunnottar.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Kong Domnall II var den første som vart kalla for rí Alban ('konge av Alba) då han døydde på borga Dunottar i 900. Denne tittelen tydde konge av Britannia eller Skottland. Alle forgjengarane hans kalla seg anten for konge av piktarane eller konge av Fortriu. Eit slikt paradigmeskifte i de gæliske nedteikningane er av enkelte vorte sett på som starten på nasjonen Skottland.

Tidlege skildringar viser at William Wallace leia skottane til ein avgjerande siger over engelskmennene ved Dunnottar i 1296. Etter sigeren sperra Wallace inne dei engelske soldatane i borgkyrkja. Brutaliteten i denne handlinga kan sjåast i samanheng med dei tidlegare massakrane som dei engelske soldatane hadde utført på den skotske sivile folkesetnaden i grenseområda.

I 1336 var ressursane til kong Edvard III av England strekte tynt i kampane hans mot skottane. Kongen gav ordre til Rosslyn om å segle åtte skip til det delvis øydelagde Dunnottar med hensikt å bygge borga opp igjen og forskanse seg for å kunne ha ein forsyningsbase for dei nordlege felttoga. Rosslyn tok med seg 160 soldatar, hestar og ikkje minst eit korps av smedar og tømmermenn. Men arbeidet som engelskmennene nedla på borga vart omgjort same året då den skotske regenten Andrew Murray av Bothwell, leia ein skotsk styrke for å erobre og øydelegge borga. På slutten av 1300-talet var Dunnottar kome inn under skotsk kontroll og vart gjenoppbygd ved William Keith og etterfølgjarane hans, blant dei den femte jarlen George, som òg grunnla Mariscal College i Aberdeen.

1500- og 1600-talet[endre | endre wikiteksten]

Dunnottar i ein illustrasjon fra 1693.

Tidleg på 1500-talet bygde skottane ei ny blokk på austsida av borgtårnet. I 1575 vart eit stort porthus av stein bygt som framleis fungerer som inngang til borga. Mellom 1582 og 1584 vart vestvingen til borga reist. I løpet av 1500-talet vart òg eit kapell bygt. Tidleg på 1600-talet vart òg to andre vingar reist ved kapellet.

I 1639 var eigaren av Dunnottar den sjuande jarl Mariscal som same år deltok på covenantane (frå covenant, 'pakt'), ei religiøs opprørsrørsle som stod i opposisjon til den etablerte episkopale kyrkja og dermed òg mot sjølvaste kongen, den dåverande kong Karl I av Skottland. James Graham av Montrose, ein tidlegare alliert av Mariscal, prøvde å få Mariscal tilbake til den kongelege folden, men mislukkast. Graham vendte seg då mot den tidlegare venen sin, gjekk til åtak på borga og la området aude med brennsette kornåkrarar. På same tid i historia hadde convenantane motsett seg biskopane i Aberdeen og heldt eit viktig møte i den nærliggande borga Muchalls Castle. Hendingane ved dei to borgene Dunnotar og Muchalls viste seg verte eit viktig vendepunkt i den engelske borgarkrigen, og pressa monarkiet til å kome covenantane i møte.

Kong Karl II av Skottland fekk ei varm mottaking då han vitja jarl Mariscal i 1650, men pendelen svinga igjen og i 1651 starta den engelske generalen Overton ei åtte månader lang omleiring av Dunnottar i jakta på dei skotske kronregalia - den kongelege krona, sverdet og septeret som vart nytta i kroninga av kong Karl II ved Scone Palace. Til slutt overgav den dåverande guvernøren sir George Olgilvy av Barras borga til etterfølgjaren til Overton, general Morgan, men engelskmennene fekk ikkje tak i regalia sidan dei var smugla ut under omleiringa. Den dyktige og dristige smuglaren har vorte forsøksvis identifisert til fire forskjellige personar, mellom dei Anne Lindsay, ein slektning av kona til Olgilvy.

I 1685, under opprøret i Argyll og Monmouth, vart 125 menn og 42 kvinner haldne saman i eit fangehol kjent som «Whigs Vault» ('Whig-kvelven') innanfor borgmurane. Dei vart stua tett saman, mange av dei gamle og sjuke og tvinga dei til å leve i si eiga avføring opp til anklane i mange månader. Fengslinga og den umenneskelege handsaminga har gått inn i historia som eit av dei mindre stolte augneblikka i britisk historie.

Jakobittartida[endre | endre wikiteksten]

Både jakobittane og dei som støtta det kongelege Huset Hannover nytta Dunnottar vekselvis etter kvart som tida gjekk. I 1699, i løpet av felttoget til grev Dundee, vart fjorten mistenkte jakobittar frå Aberdeen halde fanget i borga i over eitt år, mellom dei var matematikkprofessoren George Liddel. I 1715 vart kanonane på Dunnottar nytta av jakobittar og følgjene av dette opprøret var at alle eigedomane til jarl Mariscal vart pantsette og borga vart avvikla tre år seinare.

Turistattraksjon[endre | endre wikiteksten]

Stien til Dunottar frå Stonehaven fotografert på 1890-talet.

Borga er open for publikum. Det er to tilkomstvegar til borga. Den første er på rundt 800 meter og omfattar ei bratt trapp. Denne knyter borga til ein parkeringsplass langs kystriksvegen (knytt til A92). Den andre tilkomsten er på rundt 3 km som går frå ei bakgate bak hamna i Stonehaven og sørover langs klippeskrenten til borga. Denne stien er særs smal og nokre gonger ganske bratt, men byr på storslått utsyn utover havet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Dunnottar Castle» frå Wikipedia på bokmål, den 21. januar 2010.
    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
    • A.O. Anderson, Early Sources, vol. i, s. 452.
    • Sumption, Jonathan, The Hundred Years War, University of Pennsylvania Press (1991)
    • Tranter, Nigel, The History of the Fortified House in Scotland

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Dunnottar Castle

56°56′46″N 2°11′45″W / 56.94611°N 2.19583°W / 56.94611; -2.19583