Duplo
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Duplo er leiketøy av plast, eit sett legoklossar av dobbel storleik som passar for småbarn.
Duplo blei først lansert i Danmark i 1967 og internasjonalt i 1969.[1] Dei store klossane er laga med tanke på tryggleik og lågare krav til finmotorikk. Dei er store slik at det er lettare å handtera dei og setja dei saman, kan ikkje svelgast, og har avrunda kantar ein ikkje kan skjera seg på.
Duploklossane har som regel fire eller åtte byggeknottar og kan byggast til tårn, hus eller det ein måtte ønska. Det finst også brett, bygningsdelar, køyretøy og figurar med legoknottar på som passer til duploklossar.[2] Sidan duploklossar er nøyaktig dobbelt så store som dei vanleg legoklossane, kan også dei to typane byggast saman.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Duplo» frå Wikipedia på bokmål, og «Duplo» frå Wikipedia på dansk den 20. august 2009.