Dvalenatteramn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dvalenatteramn

Status i verda: LC Livskraftig

Dvalenatteramn, Phalaenoptilus nuttallii
Dvalenatteramn, Phalaenoptilus nuttallii

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Caprimulgiformes
Familie: Caprimulgidae
Slekt: Phalaenoptilus
Art: P. nuttallii
Vitskapleg namn
Phalaenoptilus nuttallii
Audubon, 1844
Dvalenatteramn
Namn på andre språk
Engelsk Common Poorwill
Tysk Winternachtschwalbe
Fransk Engoulevent de Nuttall
Spansk Chotacabras pachacua, tapacamino tevíi
Russisk Amerikanskij belogorlyj kozodoj (Американский белогорлый козодой)

Dvalenatteramn (Phalaenoptilus nuttallii) er ein nattaktiv fugl i natteramnfamilien, Caprimulgidae. Han finst i British Columbia og søraustlege Alberta, gjennom vestlege USA ned til nordlege Mexico. Fuglen har habitat i tørre, opne område med gras eller busker, jamvel i ørkentørre fjellskråningar med svært lite vegetasjon. Mange nordlege fuglar migrerer til Sentral- og Vest-Mexico om vinteren.

Dette er den minste nordamerikanske natteramnen, ca. 18 cm i lengd, med eit vengespenn på ca. 30 cm. Han veg 36-58 gram. Kjønna er like. På oversida har begge eit mønster i grått og svart. Dei ytre halefjørene har kvit markering i enden, dette kan vere litt meir framtredande hos hannfuglen. Dvalenatteramnen skil seg frå slektningane i storleik, kort nebb, bleikgrå farger, avrunda venger som rekkjer ned til enden halen når han sit. Det engelske namnet på natteramnar skildrar den monotone lyden: «por-vill». I flukt har han eit kort kall, «tjøkk». Han kan høyrast frå skumringstid fram til grålysinga.

Som andre natteramnar beitar dvalenatteramnen på nattaktive insekt som møll, biller og grashopper. Han støytar opp gulpebollar av ufordøyeleg matrestar, akkurat som ugler. Dvalenatteramnar plukkar ofte byttedyr direkte frå bakken, eller ved å hoppe opp i lufta.

Hekking skjer frå mars til august sør i leveområdet, og frå slutten av mai til september lengre nord. Reiret til dvalenatteramnen er ei grunn grop i bakken, ofte dels skjult av ei busk eller av grasbustar og dei ligg ofte under ein bakke. Dei får vanlegvis eit kull på to egg, egga er kvite til kremaktige eller bleik rosa, nokre gonger mørkare spragling. Begge kjønna tar del i ruging og klekkinga skjer etter 20-21 dagar. Det tar nye 20-23 dagar før ungane er flygedyktige. Det vanlege er eit kull om året, men det hender at hofuglen startar ruging på eit kull nummer to i eit nytt reir medan hannen før ungane i det første kullet. Ungane er halvt sjølvstendige ved klekking.

Ein oppsiktvekkande eigenskap for denne natteramnen er at han kan gå i dvale i lengre periodar, i veker til månader. Dette skjer om vinteren i det sørlege område i USA, kor kan sit inaktiv mykje av tida skjult i berghòler. Dette er rapportert i California og New Mexico. Det er ikkje kjent at andre fuglar har slike lengre periodar i tilstand av nær dvale. Fenomenet blei første gong skildra pålitande av Dr. Edmund Jaeger i 1948 basert på observasjon av ein dvalenatteramn han oppdaga i Chuckwalla Mountains i California i 1946.

Allereie i 1804, observerte Meriwether Lewis dvale hos denne arten i Nord-Dakota. Sjølv om desse observasjonane blei nøyaktig nedteikna, vart dei ikkje verdsett eller forstått. Dette kom dels av at dvalenatteramn ikkje var rekna som ein art distinkt art ulik eikenatteramn, Caprimulgus vociferus i austlege Nord-Amerika. På språket hopi tyder artsnamnet for denne natteramnen 'han som søv', derfor trur ein at hopifolket tidleg var kjent med åtferda til dvalenatteramnen.

Det er skildra opptil fem underartar, men desse er ganske like, og nokre kan ha tvilsam gildskap.

Det vitskaplege namnet Phalaenoptilus er sett saman av det greske phalaina, 'møll' og ptilon, 'fjør'. Nuttallii er etter ornitologen Thomas Nuttall.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dvalenatteramn