Dverggråurt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dverggråurt


Gnaphalium supinum Sturm25.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Asterales
Familie: Asteraceae
Slekt: (Gnaphalium) Gråurt
Art: G. supinum
Vitskapleg namn
Gnaphalium supinum

Dverggråurt er ein art i korgplantefamilien. Urta har ei amfi-atlantisk utbreiing. Planta vert kring 5 cm høg, og veks i tette tuver med bladrosettar og ugreina kvitfilta stenglar. Gråbrune korger, 5 mm lange. Dverggråurt blomstrar kring juli månad i snøleger. Ho veks i alle fjelltrakter i Noreg, og er funnen opp til 2000 m i Jotunheimen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.