Dverghamster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dverghamster
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Gnagarar Rodentia
Underorden: Myomorpha
Overfamilie: Muroidea
Familie: Musefamilien Muridae
Underfamilie: Hamster Cricetinae
Slekt: Dverghamster Phodopus
Miller, 1910

Dverghamster er ei slekt av små gnagarar i hamsterfamilien. Det finst tre ulike typar dverghamster, russisk, sibirsk og kinesisk dverghamster. Alle liknar på den «vanlege» hamsteren, men er mykje mindre, 10-12 cm for den russiske og den sibirske dverghamsteren og berre 5-6 cm for den kinesiske.

Den russiske og den sibirske varianten av dverghamster kan para seg og få avkom, men det er ikkje tilrådd, då avkommet vil få dårleg helsa. Desse to er vanlegast å ha som kjæledyr, då den kinesiske er svært liten.

Dverghamstrar er kresne, og et for det meste frø og nøtter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]