Dvergmaursmett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dvergmaursmett

Status i verda: LC Livskraftig


Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Thamnophilidae
Slekt: Myrmotherula
Art: M. brachyura
Vitskapleg namn
Myrmotherula brachyura
Hermann, 1783

Dvergmaursmett, Myrmotherula brachyura, er ein særs liten fugl i maurfuglfamilien. Det naturlege habitatet er subtropisk eller tropisk fuktige låglandsskog, subtropisk eller tropisk våtmarker.

Dvergmaursmett er ein fugl som lever i Amazonas, Guyana-regionen, og søraustre Orinoco-bassenget i Venezuela, og dessutan i nordre Brasil, han opptrer i Amazonas i landa Bolivia, Colombia, Ecuador, Fransk Guyana, Guyana, Peru og Surinam.

Hannen har kraftige kvite striper på svart krone, overside og venger. Den svært stutte halen er heilt svart og undersida av kroppen er klårt gul. Hoene liknar, men har oransje til gulbrunt i staden for kvitt på hovud og nakke. Brystet har litt gråsvart striping. Dvergmaursmett er ca. 8,5 centimeter i lengd og veg 7 gram.[1]

Dvergmaursmett opptrer ofte parvis frå halvhøgt til opp i trekroner. Kan nokre gonger delta i fleirartsflokkar. [1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Hilty, Steven L. (2002-11-29). Birds of Venezuela. Christopher Helm Publishers Ltd. ISBN 0713664185.