Dvergpingvin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dvergpingvin
Dvergpingvin, Bruny Island, Tasmania, Australia Foto: JJ Harrison
Dvergpingvin, Bruny Island, Tasmania, Australia
Foto: JJ Harrison
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Sphenisciformes
Familie: Pingvinar Spheniscidae
Slekt: Eudyptula
Art: Dvergpingvin E. minor
Vitskapleg namn
Eudyptula minor

Dvergpingvin, Eudyptula minor, er ein pingvin med gjennomsnittleg høgd på 33 centimeter og dermed den minste pingvinarten. Han er einaste arten i slekta Eudyptula. Dei lever rundt sørlege Australia og rundt New Zealand.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dvergpingvin i Melbourne Zoo
Foto: Fir0002/Flagstaffotos

Som andre pingvinar har vengene utvikla seg til luffar brukt til symjing. Dvergpingvin veks vanlegvis til mellom 30 og 33 cm i høgd, 40 cm i kroppslengd,[1] og veg vanlegvis ca. 1,1 til 1,5 kilogram. Hovudet og oversida er blå, med skifergrå øyredekkarar som gradvis går til kvitt nedover frå haka til magen. Luffane er blåfarga. Det mørke, gråsvarte nebbet er 3-4 cm langt, irisane er bleik sølvaktige, blågrå eller hasselfarga, og føtene er rosa med svarte solar og symjehud. Umodne individ har kortare nebb og lysare overside.[2]

Dvergpingvin hekkar langs heile kysten av New Zealand, Chathamøyane, og sørlege Australia, inkludert ca. 20 000 par[3] på Babel Island. Generelt er dvergpingvin ein standfugl som held seg nær hekkekolonien sin, men mange fuglar som ikkje hekkar, og særleg ungfuglar, kan streife fleire hundre kilometer.[1]

Som galapagospingvinar sym dvergpingvinar heile dagen i havet. Dei dreg ut ved soloppgang og beitar i havet til kvelden. Dvergpingvinar steller fjørene for å halde dei vasstette. Dei gjer det ved å gni ein liten drope olje på kvar fjør frå gumpkjertelen.

Dietten åt desse fuglane er sette saman av fisk, blekksprut og andre små sjødyr, som dei sym og dukkar ganske mykje for å fangste på. Dei beitar vanlegvis innanskjers.[4] Utstyr for elektroniske registreringar har gjeve informasjon om åtferd ved dukking blant dvergpingvinar. 50 % av dukkane går ikkje djupare enn 2 m, og gjennomsnittleg dukketid er 21 sekund.[5] Det finst registrering på dukk ned til 69 meters djupne,[1] og dei kan halde seg under vatn så lenge som 60 sekund.[6]

Dvergpingvin hekkar i lause koloniar og egglegging skjer oftast om våren i perioden august til november. Koloniane ligg gjerne nær sjøen, men det er ikkje uvanleg å finne hekkande dvergpingvinar over 500 meter inn frå stranda og over 200 moh. Reiret ligg i ei jordhòle, eller ei bergsprekk eller berre under drivved. Kullet er vanlegvis to kvite egg som blir ruga i 33-43 dagar til klekking. Begge foreldra rugar på skift i 1-2 dagar. Ungane treng omsut dei første vekene og er uavhengige frå foreldra først etter 48-64 dagar. Det eldste individ ein veit om på New Zealand nådde ein alder på over 19 år.[1]

Dvergpingvinar mognast på ulike alderstrinn etter kjønn. Hoa er kjønnsmoden to år gammal og hannen 3 år gammal. Dvergpingvinar er berre trufaste mot partnaren sin gjennom hekkesesongen og medan dei rugar på egga. På andre tider av året har dei ein tendens til å byte hòle. Dei er stedegne til hekkekoloniane sine og til hekkeplassane påfølgjande år.

Grove anslag av verdspopulasjonen ligg på rundt 350 000-600 000 individ.[7] Arten blir ikkje rekna som truga, bortsedd frå underarten Eudyptula minor albosignata som berre finst på Banks Peninsula og den nærliggande Motunau Island på New Zealand. Generelt har bestandar av dvergpingvin gått ned og er minkande, nokre koloniar er utrydda og andre populasjonar held fram med å vere i fare.[7] Samstundes har nye koloniar vorte etablert i urbane område.[8]

Den største trusselen mot dvergpingvinpopulasjonar har vore predasjon, inkludert reirpredasjon, frå kattar, revar, store krypdyr, ilderar og røyskattar.[7][8][9] På grunn av den litle storleiken til denne arten og innføring av nye rovdyr, har nokre koloniar vorte redusert med så mykje som 98 % i løpet av få år, til dømes ein koloni på ei øy nær Warrnambool, delstaten Victoria, som vart redusert frå 5000 pingvinar til 100. På grunn av fare for kollaps av kolonien, har naturvernarar tatt i bruk ein eksperimentell teknikk med bruk av vakthundar for å verne kolonien og hindre potensielle overgriparar.[10] I Australia er dei sterkaste koloniane vanlegvis på øyar fri for revar og kattar. Likevel har populasjonen på Granite Island, utanfor Victor Harbor, som ikkje har korkje rev, katt eller hund, vorte kraftig utarma, frå rundt 2000 pingvinar i år 2001 ned til 146 individ i 2009.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen byggjer dels på «Little Penguin» frå Wikipedia på engelsk, den 11. juli 2012
  • Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Heather og Robertson (2005)
  2. Williams, Tony D. (1995). The Penguins. Oxford, England: Oxford University Press. s. 230. ISBN 0-19-854667-X. 
  3. «Birds of world significance: Babel Island Group, Tasmania». Atlas of Australian Birds. Birds Australia. Henta 29 November 2011. 
  4. Numata, M; Davis, L & Renner, M (2000) "[Prolonged foraging trips and egg desertion in little penguins (Eudyptula minor)]". New Zealand Journal of Zoology 27: 291-298
  5. Bethge, P; Nicol, S; Culik, BM & RP Wilson (1997) "Diving behaviour and energetics in breeding little penguins (Eudyptula minor)". Journal of Zoology 242: 483-502
  6. Ropert-Coudert Y, Chiaradia A, Kato A (2006) "An exceptionally deep dive by a Little Penguin Eudyptula minor". Marine Ornithology 34: 71-74
  7. 7,0 7,1 7,2 Dann, Peter. «Penguins: Little (Blue) Penguins - Eudyptula minor». International Penguin Conservation Work Group. Henta 25. november 2011. 
  8. 8,0 8,1 Grabski, Valerie (2009). «Little Penguin - Penguin Project». Penguin Sentinels/University of Washington. Arkivert frå originalen 16. desember 2011. Henta 25. november 2011. 
  9. «BBC - Science & Nature -Sea Life - Fact Files: Little/Fairy penguin». bbc. 2005-07. Arkivert frå originalen 13. januar 2013. Henta 25. november 2011. 
  10. Vieru, Tudor (7. januar 2009). «Sheepdogs Guard Endangered Fairy Penguin Colony» (PDF). Softpedia. Arkivert frå originalen (PDF) 25. oktober 2012. Henta 25. november 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]