Dvergspett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dvergspett

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Dvergspett
Dvergspett

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: piciformes
Familie: Picidae
Slekt: Dendrocopos
Art: D. minor
Vitskapleg namn
Dendrocopos minor
Linné, 1758
Dvergspett
Namn på andre språk
Nordsamisk Uhcačáihni
Svensk Mindre hackspett
Dansk Lille flagspætte
Engelsk Lesser Spotted Woodpecker
Tysk Kleinspecht
Fransk Pic épeichette
Spansk Pico menor
Russisk Malyj pjostryj djatel (Малый пёстрый дятел)

Dvergspetten (Dendrocopos minor) er ein liten fugl i spettefamilien som lever i den palearktiske regionen. Der finst fleire underartar av dvergspetten. I Noreg var han lista på norsk raudliste 2006 i kategorien sårbar (VU), men i 2010 vart han rekna som ikkje truga.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dvergspetten kan vera vanskeleg å få auge på, grunna den føretrekt tilhaldsstad hans i tretoppane, og storleiken på fuglen (om lag 16 cm). Han er merkbart mindre enn andre svart-kvit spettar i Noreg. I fjørdrakta skil han seg frå kvitryggspetten ved at den kvite bakryggen er tverrstripete i svart, og at undersida er kvit med bruntonar. Hannen har raud isse, mens hoa har svart. Nebbet og føtene er grå-svarte.

Dvergspett sett frå sida

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Habitatet til dvergspetten liknar flaggspettens, og han har den same nesten treangulære bolleaktige forma når han flyg frå tre til tre. Han er vanleg i lauv- og blandingsskog i heile landet, utanom på Vestlandet, der han er sjeldan. Lokketona hans er eit «kikk» som er lågare enn dei større spettane, men likevel høgt til å vera frå ein såpass liten fugl. Når dvergspetten blir opphissa kan han gi frå seg fleire «kirekk», som liknar ropa til flaggspetten og kvitryggspetten. I forplantingstida, og av og til om hausten, kan han gi frå seg eit vendehalsliknande «ki-ki-ki-ki». Med trening kan ein skilja den vibrerande klangen i songen hans frå dei større spettane. Han bruker òg tørre greiner til å tromma på.

Dvergspetten jaktar på same måte som flaggspetten, ved å hakka laus ròten bork og treverk for å komma fram til insektslarvar, som er hovuddietten hans gjennom vinteren. Om sommaren fôrar han kjuklingane sine med insekt/insektslarvar og edderkoppar. Om nettene søv dvergspettane i hòl i trea.

Sponrester kan vera ein indikasjon på reirplass, for dvergspetten er ikkje så nøye på å fjerna flis og spon når han lager hòl i trea. Hòla er forholdsvis høgt over bakken, opptil 10-13 m., og blir som regel hakka ut i lauvtre, ofte bjørk. Diameteren på hòla er om lag 3-4 cm, og i mai-juni legg hoa 4-6 kvite egg på eit underlag av laushakka flis. Etter at begge foreldra har delt på å ruga på egga klekker etter om lag 11 dagar, og held seg i reiret i 18-21 dagar til før dei flyg ut.

Dvergspetten er ein stand- og streiffugl.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]