Dvergsvane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dvergsvane

Status i verda: LC Livskraftig

Dvergsvane, Cygnus columbianus Foto: Maga-chan
Dvergsvane, Cygnus columbianus
Foto: Maga-chan

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Anseriformes
Familie: Anatidae
Slekt: Cygnus
Art: C. columbianus
Vitskapleg namn
Cygnus columbianus
Dvergsvane
Namn på andre språk
Svensk Mindre sångsvan
Dansk Pibesvane
Engelsk Tundra Swan
Tysk Zwergschwan
Fransk Cygne siffleur
Spansk Cisne chico
Russisk Tundrovyj lebed (Тундровый лебедь), Amerikanskij lebed (Американский лебедь)

Dvergsvane (Cygnus columbianus) er ein holarktisk fugl i andefamilien. Ho har hekkeområde i arktisk del av Eurasia og Nord-Amerika og migrerer til varmare område om vinteren. Arten er ein fåtalig vintergjest i Noreg. Av dei seks artane av svaner i slekta Cygnus er dvergsvana den nest minste.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dvergsvana er 115-140 cm lang og veg frå 3,4 til 7,8 kg og er med det den minste svana i Europa. I utsjånaden er ho mykje lik songsvane (Cygnus cygnus), med ei fullstendig kvit fjørdrakt, svarte bein og gul nebbrot. Ungfuglane er bleik gråkvite i farga. Dvergsvana kan skiljast frå songsvana i storleik, er meir kompakt med relativt større hovud enn songsvana. Det beste kjenneteiknet er storleiken på det svarte område på nebbet. Hos dvergsvana går dette høgare opp enn hos songsvana slik at det gule feltet hos dvergsvana får ei langt mindre avlang form. Hos underarten columbianus i Nord-Amerika kan det gule område vere endra mindre.

Dvergsvana er den av alle fugleartar i verda som har flest fjør, i vinterdrakt kan ho ha over 25 000 fjør. [1]

Song[endre | endre wikiteksten]

Songsvana er kjent for sine trompetstøyt. Men samanlikna med songsvana har dvergsvana ein høgare nasal lyd i eit litt høgare stemmeleie. Støyta kjem to og to eller enkeltvis der songsvana gjev tre eller fire støyt i ein serie.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Dvergsvana hekkar på tundraen i Eurasia frå Kolahalvøya i vest og over til munningen av Kolymaelva i austre Sibir, heile hekkeområde er i Russland. Om hausten flyttar dei vestlege fuglane til kystane ved Kvitsjøen og Austersjøen, og fuglane overvintrar ved Nordsjøkystar, i Tyskland, England og Irland. Andre grupper overvintrar ved Kaspihavet, ved Aralsjøen og i Aust-Asia. Underarten columbianus hekkar i kystområde i Alaska og Canada. Dei har typisk overvintringsområde langs Stillehavskysten frå Sør-Alaska til California.

I hekketida føretrekk dei habitat av myr og grunne tjern som er rik på vegetasjon. Om vinteren kan dei beite på grasmarker ved kystar. I denne tida blandar dei seg ofte med songsvaner.

Forplanting[endre | endre wikiteksten]

Dvergsvaner kan danne par når dei er 3-4 år gamle, men dei hekkar ikkje før dei er 5-6 år. Som andre svaner er dei monogame til ein i paret døyr. Vanlegvis er det 3-5 egg i kvart kull, rugetida er om lag 29-30 dagar. Ungane kan flyge etter 40 til 45 dagar. Begge foreldre ar aktive i å syte for ungekullet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]