Dvergterne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dvergterne
Flygande dvergterne i Japan
Flygande dvergterne i Japan
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Dvergterne
Utbreiinga av Dvergterne
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Underorden: Lari
Familie: Måsefamilien Laridae
Slekt: Sternula
Art: Dvergterne S. albifrons
Vitskapleg namn
Sternula albifrons
Dvergterneegg

Dvergterne (vitskapleg namn Sterna albifrons) er ein fugl i ternefamilien.

Ho er ein trekkfugl som hekkar ved kysten og ved vassvegar i innlandet i tropiske og tempererte delar av Eurasia, og overvintrar i tropiske og subtropiske havområde som kan ligga så langt sør som Sør-Afrika og Australia. Dvergterna har vore observert som hekkande fugl i Noreg, men ein reknar ikkje med at ho har ein etablert bestand i landet.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Som namnet viser til er dette ei lita terne. Ho blir 21-25 cm lang med eit vengespenn på 41-47 cm. Ho har kvit fjørdrakt og svart hette med ein særmerkt kvit flekk i panna. Det tynne, skarpe nebbet er gulfarga med svart spiss. Også beina er gule. Gulfargen på beina blir blassare om vinteren, då også nebbet endrar farge og blir svart. Dvergterna lager ein høg, lettkjenneleg knirkelyd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Dvergterne