Dweezil Zappa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dweezil Zappa
Dweezil.jpg
Dweezil Zappa i Danmark med Zappa Plays Zappa, 13. oktober 2007
Verkeleg namn Ian Donald Calvin Euclid Zappa
Fødd 5. september 1969 (45 år), Los Angeles, California, USA
Instrument gitar, vokal, bass, piano, banjo
Sjanger Rock, hardrock, heavy metal, instrumentalrock
Aktive år 1986 til i dag
Tilknytte artistar Frank Zappa
Ahmet Zappa
Extreme
Ozzy Osbourne
Spinal Tap
Steve Vai
Warren DeMartini
Zappa Plays Zappa
Dream Theater
Winger
Plateselskap Zappa, Favored Nations, Barking Pumpkin, Chrysalis
Nettstad http://www.dweezilzappaworld.com
Kjende instrument
Gibson SG
Hagström Viking
Eric Johnson Stratocaster

Dweezil Zappa (fødd 5. september 1969) er ein amerikansk rockegitarist og stundom skodespelar. Han er son til musikaren Frank Zappa.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Zappa vart fødd i Los Angeles i California, som son av musikaren Frank Zappa og Gail Zappa, som arbeidde i føretaket til mannen.[1] Han er den andre av fire sysken: den eldre systera Moon, den yngre systera Diva og den yngre broren Ahmet. Han er syskenborn til skodespelarinna Lala Sloatman.[2] Far til Zappa var av siciliansk, gresk, arabisk og fransk slekt, medan mora var av fransk, irsk og stort sett dansk slekt.[3]

Fødenamnet til Dweezil er Ian Donald Calvin Euclid Zappa.[4] Sjukehuset der han vart fødd nekta å registrere han med namnet Dweezil, så Frank lista opp namnet på fleire av musikarvenene sine. «Dweezil» var eit kallenamn som Frank gav den rare vesletåa til Gail. Fem år gammal, fekk Dweezil vite at det verkelege namnet hans var annleis, men insisterte på at kallenamnet hans skulle bli det lovlege namnet hans. Gail og Frank leigde ein advokat og kort tid etter var Dweezil offisielt namn.[5]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

I 1980-åra arbeidde Zappa som programleiar på MTV, men fekk sparken kort tid etter han snakka stygt om MTV på The Howard Stern Show. Han spelte òg inn nokre soloalbum, og spelte gitar for andre artistar. Ein kan høyre Zappa spele sologitar på The Fat Boys sin «Wipe Out» (1987) og han er å sjå i musikkvideoen for Don Johnson-hitten «Heartbeat». Han spelte òg sologitar (i lag med Reb Beach) på Winger-versjonen av Jimi Hendrix sin «Purple Haze». Han hadde ei rolle i den futuristiske Arnold Schwarzenegger-filmen The Running Man som Stevie («Don't touch that dial!»), og gav den første kjende cameo-rolla i John Hughes sin Brat Pack-film, Pretty in Pink (med Molly Ringwald), som venen til Andie, Simon.

Sidan tidleg i 1990-åra, har Zappa skrive musikk for eit stykke kalla «What the Hell Was I Thinking?», eit 75 minuttar langt stykke med gitarsoloar av fleire kjende gitaristar. Prosjektet har vorte omarbeidd fleire gongar sidan 1990-åra. Dweezil sa i september 2004:[6] «Eg byrja å spele inn på analogt lydband for nesten 13 år sidan... Det er truleg 35 gjestegitaristar med, alle frå Brian May til Eddie Van Halen, Eric Johnson, Angus og Malcolm Young — det var eit sprøtt prosjekt. Eg ventar og håpar på å få spele inn med Jeff Beck og Jimmy Page som ein av dei siste gjestene der».[6]

I midten av 1990-åra var Zappa stemma til figuren Ajax Duckman i animasjonsserien Duckman. Han var òg ei kort stund med i situasjonskomedien Normal Life med systera Moon Unit Zappa and tidlegare Laverne & Shirley-stjerna Cindy Williams. Han skreiv og framførte kjenningsmelodien for The Ben Stiller Show (soloen frå Spinal Tap sin «Break Like the Wind»). I 1999 var han i lag med broren, Ahmet Zappa, med i eit show med kjendisar, band og dansetruppar kalla Happy Hour som vart sendt første gongen i april 1999 på USA Network.

Dweezil Zappa spelar med «Zappa Plays Zappa» i 2006.

På det 11. studioalbumet til "Weird Al» Yankovic frå 2003, Poodle Hat, spelar Zappa den første gitarsoloen og syng på sporet «Genius in France». I 2006, organiserte Zappa «Zappa Plays Zappa»-turneen. Han samla eit band med unge musikarar med eit mål om å føre musikken til Frank Zappa til eit yngre publikum. Med på turneen handde han Steve Vai, Napoleon Murphy Brock og Terry Bozzio. Turneen byrja i Europa i mai og fortsette i USA i juni. Etter ein pause fortsette turneen i USA i oktober 2006. I 2007 gjekk turneen frå juli og enda i Australia tidleg i desember, med Ray White som gjest. Fleire turnear har følgd seinare.[7] In 2009, Ray White left Zappa Plays Zappa for an undisclosed reason.[8]

Dweezil Zappa på Bluesfest 2008 i Ottawa.

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Frå 1998 til 2004 var Zappa kjæraste med musikaren Lisa Loeb. Zappa og Loeb skreiv og spelte i lag, og Zappa turnerte med bandet hennar. Paret var programleiarar på matshowet Dweezil & LisaFood Network i 2004.

Zappa gifta seg med motestylisten Lauren Knudsen den 3. september 2005 i Los Angeles. Dei har to døtrer, Zola Frank Zappa (f. 2006) og Ceylon Indira Zappa (f. 2008).[9][10] I mars 2010 søkte Knudsen om skilsmisse.[11] Dweezil gifta seg med Megan Marsicano i ein privat seremoni i Los Angeles i april 2012.[12]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Solo[endre | endre wikiteksten]

Med Ahmet Zappa[endre | endre wikiteksten]

Med Zappa Plays Zappa[endre | endre wikiteksten]

Gjesteartist[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Dweezil Zappa Biography (1969-)». Filmreference.com. 1969-09-05. http://www.filmreference.com/film/45/Dweezil-Zappa.html. Henta 5. juli 2014. 
  2. «Lala Sloatman at IMDB». http://www.imdb.com/name/nm0806080/. Henta 5. juli 2014. 
  3. Miles, Barry (2004). Zappa. Grove Press. s. 124. ISBN 0-8021-1783-X. 
  4. Dette var namna på musikarane til Frank Zappa Ian Underwood, Don van Vliet, Calvin Schenkel og Euclid James «Motorhead» Sherwood; sjå «What are the names of Frank Zappa's kids?». http://www.science.uva.nl/~robbert/zappa/faq/main/main-2.html#ss2.4. Henta 5. juli 2014. 
  5. Zappa, Frank; Occhiogrosso, Peter (1990), The real Frank Zappa book, Simon & Schuster, s. 254, ISBN 0-671-70572-5, http://books.google.com/books?id=7lqfAAAAMAAJ& , Snippet view page 245
  6. 6,0 6,1 James, Daniel (september 2004). «Dweezil Zappa: 64-bit Computing & The Frank Zappa Archive». Sound on Sound. http://www.soundonsound.com/sos/sep04/articles/zappa.htm. Henta 5. juli 2014. 
  7. «Tour Dates». Zappa Plays Zappa. 2013-08-20. http://www.zappaplayszappa.com/tourdates.html. Henta 5. juli 2014. 
  8. «Ray White Leaves Zappa Plays Zappa». Kill Ugly Radio. http://www.killuglyradio.com/2009/04/03/ray-white-leaves-zappa-plays-zappa/. Henta 5. juli 2014. 
  9. Edler, Molly Snyder (2007-06-17). «Dweezil and Frank reunite in «Zappa Plays Zappa"». Arkivert frå originalen den 2008-06-15. http://web.archive.org/web/20080615031626/http://zappa.com/zpz/clippings_onmilwaukee.html. Henta 5. juli 2014. 
  10. Zappa, Dweezil (2008-06-06). «On the road again/Dyna Flangers». http://www.zappa.com/zpz/tourlog/index.php?year=2008&month=6&day=6. Henta 5. juli 2014. 
  11. «Lauren Knudsen Leaves Dweezil Zappa: Pictures». Zimbio.com. http://www.zimbio.com/Lauren+Knudsen/articles/-6lRt-JTXZf/Lauren+Knudsen+Leaves+Dweezil+Zappa+Pictures. Henta 5. juli 2014. 
  12. «Dweezil Zappa Bio». Dweezilzappaworld.com. http://www.dweezilzappaworld.com/articles/23-dweezil-zappa-bio. Henta 5. juli 2014. 
  13. «Dweezil Zappa: F.O.H. 3 – Out Of Obscurity». 11345.com. 2012-11-10. http://www.11345.com/dweezil-zappa-f-o-h-3-out-of-obscurity.html. Henta 5. juli 2014. 
  14. NOTE: sjølv om han er innspelt 23. desember 84, vart versjonen av «Sharleena» gjeven ut som singel i januar 1987 i magasinet Guitar Player.
  15. «Extreme II: Pornograffitti CD Album». Cduniverse.com. http://www.cduniverse.com/search/xx/music/pid/1094638/a/Extreme+II%3A+Pornograffitti.htm. Henta 5. juli 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]