Dyd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Personleggjering av Dyd (Arete) i Efesos.
Foto: Carlos Delgado
Tre med dei sju kristne kardinaldydene og underdydene deira i ein tysk illustrasjon frå 1200-talet.

Dyd eller dygd er eit omgrep innan moralfilosofi og religion, og viser til ein moralsk verdfull eigenskap eller ei god handling. Dyd i moral-vitskapleg tyding er ein innlært eigenskap, det vil seie eit internalisert handlingsmønster.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet «dygd» kjem frå det norrøne dygð, som er heng saman med verbet «å duge». Dyd tydde opphavleg 'dugleik/dyktigheit'. Det latinske ordet for styrke, virtus (frå vir, 'mann'), og det greske arete (ἀρετή), har same tyding.

I moderne norsk kan «dyd» ha den innsnevra og noko omtolka tydinga møydom, eller berre reint allment visa til kjønnsleg reinleik, kyskleik og sømd. Eit kjend uttrykk i så måte er det «å hugse på dyden» – i motsetnad til å lata «driftene» styra. Ein kan kjenna att mykje frå den kristne og klassiske læra om dydene og lastene i dette.

Dyd i klassisk filosofi[endre | endre wikiteksten]

Ifølgje Platon kan det å kjenna til og så gjera det som er etisk godt gje lukke (eudaimonia). Dei fire klassiske kardinaldydane Platon nemner er mot, visdom/klokskap, måtehald og rettferd.

I Aristoteles si lære om dydsetikken er dyden det eit menneske må oppnå for å få eit godt liv. Med dyd meiner han då ulike eigenskapar som må justifiserast samfunnet. Døme på desse eigenskapane er mot, visdom (eller klokskap), måtehald, rettferd, ærlegdom, osb. For kvar eigenskap lyt ein søkje til kjernen i han, til den den gylne vegen imellom alle ytterpunkt. Til dømes er det å vere feig og det å vere dumdristig ytterpunkt, medan motet ligg midt imellom. Ein lyt altså finne balansepunktet. Å finna mellomvegen skaper det Aristotoles kallar eit menneske med telos – god karakter.

Dyd i kristen teologi[endre | endre wikiteksten]

Kristen teologi rekner som Platon mot, visdom, måtehald og rettferd som kardinaldyder. I tillegg legg ein gjerne til tru, von og kjærleik, etter apostelen Paulus' fyrste brev til Korintarane i det 13. kapitlet. Desse sju utgjer til saman dei sju dydane (kardinaldydane og dei teologiske dydane).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Tranøy, Knut Erik & Sletnes, Kari Berit. «Dyd» (30. desember 2013), Store norske leksikon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dyd