Dynamikk i mekanikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dynamikk er den delen av mekanikken som omhandlar samanhengen mellom rørsla til lekamar og kreftene som verkar på lekamen. Dynamikken til væsker og gassar vert kalla hydrodynamikk. Gassdynamikk vert òg ofte kalla aerodynamikk. Termodynamikk er det same som varmelære. På 1800-talet oppstod elektrodynamikken.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Galileo Galilei gjorde store framsteg for dynamikken og det var med arbeida til Isaac Newton at grunnlovene i dynamikken vart formulert. Seinare utvikla forskarar som Leonard Euler, Jean le Rond d'Alembert og Joseph Louis Lagrange dynamikken vidare. Dei klassiske formene for dynamikk er på 1900-talet blitt delvis modifisert av relativitetsteori og kvantemekanikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]