Dynamisk trykk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dynamisk trykk er i væskedynamikk (skriven som q eller Q, og stundom kalla «snøggleikstrykk») ein storleik definert som:[1]

q = \tfrac12\, \rho\, v^{2},

der:

q\; = dynamisk trykk i pascal,
\rho\; = væsketettleik i kg/m3 (til dømes lufttettleik),
v\; = snøggleik i m/s.

Fysisk tyding[endre | endre wikiteksten]

Dynamisk trykk er tett knytt til den kinetiske energien til ein væskepartikkel, sidan begge storleikane er proporsjonale til massen til partikkelen (via tettleiken i tilfellet med dynamisk trykk) og kvadratet av snøggleiken. Dynamisk trykk er faktisk eit av ledda i Bernoullilikninga, som i røynda er ei likning for bevaring av energi for ei væske i rørsle. Det dynamiske trykket er like skilnaden mellom stagnasjonstrykket og statiske trykket.[1]

Eit anna viktig aspekt med dynamisk trykk er, som dimensjonsanalysen syner, at det aerodynamiske stresset (til dømes stresset i ein struktur som er påverka av aerodynamiske krefter) eit fly med farten v er proporsjonal til lufttettleiken og kvadratet av v, til dømes proporsjonal med q. Derfor kan ein ved å studere variasjonen av q under ein flytur, avgjere korleis stresset vil varierer og særleg om det vil nå maksimalt nivå. Punktet for maksimalt aerodynamisk stress vert ofte kalla max Q og er ein kritisk parameter i mange område, som under oppskytinga av eit romfartøy.

Vindtrykk[endre | endre wikiteksten]

Vindtrykket er det totale trykket som vinden utøver. På ei flate som er vinkelrett på vindretninga, er trykket proporsjonalt med lufttettleiken og kvadrat av et vindsnøggleiken. Vindtrykket er lik summen av overtrykket på losida og undertrykket på lesida. Undertrykket vil variere sterkt med forma på flata.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Clancy, L.J., Aerodynamics, Section 3.5