Dynamo Kyiv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dynamo Kiev)
Dynamo Kyiv

Skipa13. mai 1927
KallenamnBilo-Syni (hvite-blå)
HeimebaneNSC Olympijskij
Kapasitet70,050
LigaPremyer-Liha
LandUkraina
ByKyiv
EigarIhor Surkis
StyreleiarIhor Surkis
HovudtrenarFlagget til Romania Mircea Lucescu
Heimedrakt
Bortedrakt

Dynamo Kyiv (ukrainsk Динамо Київ) er ein fotballklubb i Kyiv i Ukraina, grunnlagd i 1927. Klubben vann Cupvinnarcupen i 1975 og 1986. Til liks med alle andre Dynamo-klubbar i den tidlegare Sovjetunionen høyrde klubben til etterretningstenesta KGB.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Dynamo Kyiv er ein av storklubbane i Aust-Europa. Frå 1954 til 1990 vann klubben ni sovjetiske cupmeisterskap og i tida 1961-90 tretten seriemeisterskap i Sovjetunionen.

Klubben hausta sin fyrste store triumf i Basel 18. mai 1975. Under finalen i Cupvinnarcupen imponerte den då sovjetiske klubben med feiande fin angrepsfotball. To mål av Volodymyr Onysjtsjenko i fyrste omgang og eit tredje i andre av legendariske Oleh Blokhin syrgde for 3-0 over Ferencváros frå Budapest. Med folk som Blokhin og Onysjtsjenko, i tillegg til Anatolij Konkov, Volodimir Muntjan, Leonid Burjak og målvakta Jevgenij Rudakov utgjorde desse spelarane stammen i Sovjetunionen sitt landslag i fleire sesongar.

Elleve år etter den fyrste sigeren i Cupvinnarcupen kopierte eit nesten nytt Dynamo-mannskap 1975-triumfen med å vinne 3-0 over Atletico Madrid i Cupvinnarcupen 1986. Blokhin var den einaste att frå 1975 som kunne rusle ut på grasmatta i franske Lyon.

Frå og med 1993 har Dynamo Kyiv dominert ukrainsk klubbfotball og sikra seg 15 seriemeistertitlar og 12 cupgull per 2015. I 2009 spelte laget seg heilt fram til semifinalane i Meisterligaen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Dynamo Kyiv