Dyne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå sanddyne.
Engelsk kvinne opptrer i seng med dyne i Vanity Fair i 1903.

Dyne (frå norrønt dýna, som har samanheng med ordet dun) er ein flatvoren samansydd sekk fylt med eit varmeisolerande materiale som ein kan breia over seg i ei seng. Bruken av dyner tok til å spreia seg i Nord-Europa på 1500-talet, men blei særleg i løpet av 1900-talet vanlegare i fleire delar av verda. Opphavleg fylte ein dyner med fjør eller dun, der edderdun frå ærfugl var rekna som det beste. I dag bruker ein ofte kunstfiber i dyner.

I staden for dyne kan ein bruka skinnfell, sengeteppe eller laken til å ha over seg.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.