Dyrøya i Troms

Koordinatar: 69°02′55″N 17°27′05″E / 69.04861°N 17.45139°E / 69.04861; 17.45139
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dyrøya
Geografi
Stad Nord-Noreg
Koordinatar 69°02′55″N 17°27′05″E / 69.04861°N 17.45139°E / 69.04861; 17.45139

Areal 53 km²

Høgaste punkt Bergsheia (563 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Fylke Troms
Største busetnad Merkesnes (79 innb.)

Demografi
Folketal 182 (2008)
Folketettleik 3,4 /km²

Dyrøya er ei øy i Dyrøy kommune i Troms. Øya ligg mellom Senja og fastlandet, sørvest for Brøstadbotn, kommunesenteret i Dyrøy. Dyrøya har eit areal på 53 km², og det høgaste punktet på øya er Bergsheia på 563 moh. Øya har om lag 200 innbyggjarar.

Dyrøya er knytt til fastlandet med Dyrøybrua. Brua vart opna i 1994.

På Holm på Dyrøya ligg Dyrøy kyrkje frå 1880.

Det største vatnet på Dyrøya er Kalvøyvatnet (ofte kalla Kalvøya), som ligg i 187 meters høgd, midt mellom Bergsheia og Mossheia. Den enklaste oppgangen til vatnet er frå Forså om lag 1 km sørvest for Dyrøy kyrkje.

Busetnader[endre | endre wikiteksten]

Dyrøya hadde 182 innbyggjarar i 2008, fordelt på tre grunnkretsar:

Dyrøyhamn omfattar den sørlege delen av øya; Merkesnes og Espejord den nordlege. Den største bygda, Langhamn, ligg i Merkesnes grunnkrets. Folketalet på øya går gradvis nedover.

Hagenes[endre | endre wikiteksten]

Under den andre verdskrigen vart Dyrøya brukt som kanonstilling av tyskarane for å ha oversikt over Tranøyfjorden. Det er om lag fire bunkersar på Hagenes og fire kanonstillingar. Bunkersane og kanonstillingane vart bygd av russiske krigsfangar. Under byggingsarbeidet vart ein russar med namn Alexej skoten då han prøvd å rømme. Dette er det einaste dokumenterte drapet på Hagenes under 2. verdskrigen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]