Dyraheio landskapsvernområde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dyraheio landskapsvernområde

Dyraheio landskapsvernområde ligg aust for Suldalsvatnet og strekkjer seg frå Bleskestadmoen i nord til Strandalen og Odden i sør. Dyraheio landskapsvernområdet heng saman med Kvanndalen landskapsvernområde, Holmavassåna biotopvernområde og Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde.

Føremålet med landskapsvernet er «å ta vare på eit særmerkt fjellområde med med urørt natur, rikt planteliv, verdifulle stølsområde og beitelandskap og eldre og nyare kulturminne etter støling, heiebeiting, jakt fiske og fangst. Føremålet er også å ta vare på viktige leveområde for viltet, spesielt å sikre eit samanhengande fjellområde og delar av livsgrunnlaget for den sørlegaste villreinstamma i Europa.»

Geologi og landskap[endre | endre wikiteksten]

Heiområdet er den sørvestlege utlauparen av fjellområda i Noreg. Denne regionen har for det meste fjellmorfologi med snaufjell, subalpin bjørkeskog og subalpin barskog i djupare søkk og dalar som står i samband med barskogsregionen i aust.

Fjellgrunnen i området er prega av ei klar tredeling av bergartane, noko som er typisk for dei nord- austre delane av Ryfylke. Underst ligg grunnfjellet som pregar det meste av Ryfylkeheiane. Grunnfjellet er stort sett samansett av næringsfattige gneisar og granittar som forvitrar langsomt og gir eit dårleg jordsmonn. I slutten av jorda si urtid ( prekambrium, ca 600 mill. år sidan) blei grunnfjellet tært ned av naturkreftene til ein relativt flat slette, det subkambriske peneplan.

Peneplanet blei oversvømma av havet i jorda si oldtid( kambrium, ordovicium og silur, ca 600- 400 mill. år sidan). Oppå grunnfjellet blei det avsett lausmassar som seinare blei omdanna til bergartar. Dei kambro- siluriske bergartane har rikeleg med næringssalter, m.a. kalk, og dei forvitrar lett og gir eit godt jordsmonn. Bergartar av denne typen er blant anna svart og grå fylitt og kvartsglimmerskifer.

Under den kaledonske fjellkjedefoldinga som skjedde for ca. 395 mill. år sidan, blei store grunnfjellsflak pressa opp og skove under foldinga. Desse såkalla skyvedekka består altså av bergartar som er eldre enn dei kambrosiluriske bergartane under. Liksom grunnfjellet forvitrar skyvedekket seint.

Dei næringsrike kambro- siluriske bergartane gjer geologien i Kvanndalen og Dyraheio interessant. Desse bergartane gir næringsrike lausmassar med tilhøyrande rik vegetasjon. Terrengformasjonane er storslegne. Snønuten, Kistenuten og Vassdalseggi er dominerande trekk i landskapet takka vere det harde toppdekket av overskuva gneiss. Desse høge fjella står i kontrast til dei småkuperte og jamnhøge områda med grunnfjell og dei frodige stølsområda.

Vegetasjon[endre | endre wikiteksten]

Området mellom Suldalsvatnet, Vinje kommune i Telemark og Bykle kommune i Aust-Agder inneheld det sørlegaste område med ein fullt samansett fjellflora som inkluderer rik og kalkkrevjande vegetasjon ( Dahl 1906, Dahl 1907, Steinnes 1988).

Vegetasjonen på fylittskifrane i Suldalsheiane er ein utlaupar og eit framhald av tilsvarande vegetasjon i frå skifrane på Hardangervidda. I følgje Dahl 1906/07 byrjar den rike skiferfloraen, eller reinrosevegetasjonen, frå grensefjella mot Telemark og Setesdal ( Storhedderfjelli, Meien, Austre Kaldafjell) og strekkjer seg gjennom Kvanndalen, over Havrenosnibba, Urdavassnutane, Krokkavassnutane, Næverhatten, Raudnuten og Kvernheia. Ved Vestre Kaldafjell og Snønuten er skiferfloraen meir sparsamt representert, men sør for desse er det rikare med skifervegetasjon i Kvilldal- og Sandsaheiane.

Plantelivet i Dyraheio har mangfald, men er lite undersøkt. Ved Raudfjell og Raudnuten er det funne fleire sjeldsynte planter som kastanjesiv, rabbestarr og skredarve. Ved Grønafjell er det kalkkrevjande artar. I fylitt- fjellsidene og knausane i Strandalen finn ein mykje bergjunker og elles mange kravfulle artar. Bergjunker veks i Noreg berre frå Dyraheio til Vormedalsheia i Ryfylke og ved Sulitjelma i Nordland.

Kvanndalen med heiane rundt er særprega og vakre med artsrik og frodig vegetasjon, fyrst og fremst på grunn av fylitten. Planter har si sørvestgrense i området.

Av registrerte vegetasjonstypar kan nemnast blæbær- blålyng hei, sekundær grashei, vierkratt, bregnesnøleie og reinrosesamfunn. Kvanndalen ligg klimatisk sett i eit grenseområde mellom Aust- og Vestlandet. Likevel er det oseaniske elementet mest markert i både flora og vegetasjon. Av vestlege oseaniske artar kan nemnast bjønnkam, rome og blåknapp. Av meir austlege artar kan nemnast turt og søterot. Artar som blåspett, gulsildre, bjønnbrodd, sotstarr og reinrose viser at næringstilgangen er god i store delar av dalen ( Prøsch- Danielsen 1990).

I samband med verneplanarbeidet ar det gjort feltarbeid og utarbeidd kryssliste for området ved Raudnut, Stranddalen og Havrenosnibba, og artsliste for Jonsstøl, Prostøl, Belskestadmoen, Nystø, Stovo og Klauvskeimoen.

Fugle- og dyreliv[endre | endre wikiteksten]

For dyrelivet i fjellet er bjørkebeltet særs viktig som yngle,- vekse- og vinterbeiteområde. Dei fleste kjende fjellvilt- artar finst i heiområdet. Rovfuglar som hubro, jaktfalk, dvergfalk, fjellvåk og kongeørn er registrert. Av vadefugl hekkar strandsnipe på lågheia, og fjøreplytt og heilo på høgheia. Heilo har hekkeområder nord for Isvatn, Endanuten, og Gravtjørnnuten, og to plassar nord for Dyrskardnuten ( vest for Reinskvelven og aust for Nyastøl).

Av hønsefuglar finn ein orrfugl med hekkeområde. Lirype har heilårs- og hekkeområder i lågheia. Nokre område blor brukt heile året av fjell- og lirype. Fjellrype har gode heilårs- og hekkeområde mange stader i høgheia.

Av rovdyr finn ein ofte raudrev som har hi fleire plassar i området. Fjellrev har hatt hi i området, eit fjellrev- par og ein einsleg fjellrev blei sett på slutten av 1980- talet. Bestanden av fjellrev er truleg gått tilbake. Røysekatt finn ein blant anna ved Mestølen i Kvilldalsdalen.

Elgen trekker vår og haust i høgheia. Hjorten kan trekkje heilt opp på snaufjellet i vestre del av området.

Villreinen Dyraheio og Kvanndalen har svært høg verdi som følgje av at det er både sommar- og vinterbeite for villreinen. Dei gjenverande urørte områda har fått større verdi som følgje av oppdemminga av Blåsjø. Villreinstamma i Setesdal-Ryfylke møter frå naturen si side store utfordringar i kampen om å overleve. Dette skuldast særleg følgjande forhold:

  • lite lav i vinterbeita ( reinen må beite på planter som er tyngre å fordøye)
  • skrinne sommarbeite i store delar av området pga. mykje og hardpakka snø og is.

Lengst nord i Kvanndalen trekker villreinen nord for Djupetjørn og Kvanndalstjørn og ned i Kvanndalen. Eit anna trekk går ved foten av Kistenutenden, over Ståvassdalen og over Litledalsfleene. Villreinen har eit viktig trekk mellom Holmavatnet og Sandvatnet. Det er og trekk gjennom Sandvassbrekka, Tatrakvelven, Meiadalen, Urdskar vest for Meien, og på sørsida av Holmavatnet. Lenger sør går det trekk langs nordsida av Raudfjellet og fleire trekk austover mellom Brudlednutane. Nord og sør for Skorpo og Heddevatnet går det fleire trekk.

Gode høve til å vandre over store område er naudsynt for at villreinen skal kunne utnytte beitegrunnlaget. Det kuperte terrenget vi finn i delar av heiområdet gjer at reinen må trekkje på bestemte og ganske avgrensa område. I tillegg kjem ulike inngrep og ferdsel som kan vanskeleggjere trekkjet til villreinen.

Holmavassåno trekkveg mellom Holmavatn og Sandvatn er viktig å ta vare på fordi området rundt er prega av vassdragregulering og tekninske inngrep.

Villreinen i Setesdal- Ryfylkeheiane har ei viktigaste kalveområda i kommunane Valle og Bykle. Villreinen har særs viktige vinterbeite i nordvestre delar av heiområdet i kommunane Suldal, Hjelmeland, og Forsand. Tilgangen til desse områda har stor verdi for bereevna og utbreiinga av stammen, og for å unngå at dyra trekkjer over til Hardangervidda eller Setesdal- Austhei..

Kulturhistorie[endre | endre wikiteksten]

Menneska har utnytta naturressursane i heiane gjennom minst 7000 år. Særleg ser jakt, fangst og beitebruk ut til å ha vore viktig, mens fiske har hatt mindre å seia. Store delar av heiområdet blir framleis brukt til sommarbeite for tusenvis av sauer. Heiane har også vore eit kommunikasjonsmessig bindeledd mellom landsdelane. Til dømes gjekk den kortaste vegen i frå Setesdal til sjøen midt over høgfjellsmassivet ( Bang- Andersen 1983 a).

Kulturhistorisk kan området grovt inndelast i høgfjell og stølsområde. Høgfjellet omfattar store snaufjellsområde i høgdenivået ca. 900- 1200 m.o.h. Kulturminne som bogastille og dyregraver dominerer. Kulturminna ligg som regel i vasskanten eller høgst eit par hundre meter unna bredda av større vatn. Dei synest nesten utan unntak å ha samanheng med jakt og ferdsel i eldre tider ( Bang- Andersen 1983a).

Stølsområda omfattar stort sett høgdenivået ca. 400- 900 m.o.h. og inkluderer øvre del av skogbeltet, mange vatn og myrområde. Støling ( slått og beite) har etterlate dei fleste fysiske kulturspora. I stølsområda utgjer tufter av forskjellig slag over halvparten av kulturminna. Deretter følgjer hellerar og trekolkonsentrasjonar. Dei aller fleste kulturminna på påvist på eller nær eksisterande stølsområde, svært nær vatn, og synest i hovudsak å avspegle tidlegare tiders bruk av fjellbeite ( Bang- Andresen 1983a).

Ein veit i utgangspunktet om få fornminne i området, men området er ikkje grundig undersøkt. Derfor er det som er funne dess meir verdifullt. Det er ikkje nokon grunn til å tru at det er færre fornminne her enn i dei områda som blei undersøkt i samband med Blåsjøoppdemminga.

Godt vedlikehaldne stølar er det mange av i området. Stølslandskapet og stølshusa utgjer eit miljø som har ein sentral plass i heia og landskapshistoria.

Kvanndalen er ein typisk stølsdal i Suldalsheiane med rik vegestasjon som er sjeldan i denne delen av landet. Den rike vegetasjonen gav tidlegare grunnlag for mange stølar. Det er funnen spor etter ti stølsområde i dalen som tidlegare blei rekna som den beste stølsdalen i Suldal. Kvanndalen har vore støls- og utmarksområde for gardane Nordmark og Jordebrekk, seinare også Roaldkvam. På Fleso, Hidlerberg, Svultanuten og Jensafet står det stølshus eller hytter i dag. Tidlegare har det vore stølar på blant andre Fossaslåtto, Slåttastølen, Raudmyr og Bakkaleger.

Av andre kultur- og fornminne som bør nemnast er fleire hellerar, bl.a. ved Svultanuten, Raudmyr, Bakkaleger og Torshidler, tufter, buplassar, kolgroper, kve og opparbeida stiar og vad. Ved Litløedalsfleene mellomTorshidler og Isvanten ligg ein uvanleg velbevart dyregrav. I høgfjellet i området rundt Isvatnet, Litlavatnet og Holmavatnet er det dyregraver og bogastille.

Bleskestadmoen ligg i lågheisona med bjørkeskog og tilgjenge til høgheia. I eit samarbeid mellom grunneigar , Stavanger Turistforening og Ryfylkemuseet har dei restaurert det gamle stølshuset på Moen. I området ligg også Nystøl og Stovo der det står stølshus og løe. I utmarka har det vore tjue løer og stakkplasser. Nokre av desse finn ein framleis, andre ser ein spor etter. Ved Klauvskeimoen ser ein tufter etter to stølshus, dei gamle materiala ligg stabla opp attemed.

Bråtveitstølane finn vi i dei to daldraga innanfor Mostøl. Gaukstøl, Skitstøl og Krokevasstøl finn vi i dalen mot nordaust, og Jonstøl i dalen mot søraust. Ved Sandvatnet ovanfor Jonstølen har det også vore ein støl. Stølane Nyastøl og Reinskvelven ligg mellom Hellefjell i nordaust og Dyrskardnuten i sørvest, mellom Bråtveit og Kvilldalsdalen.

I Kjetilstaddalen ligg stølane Nystølen og Prostølen, ovanfor Prostølen ligg Kvelven. På Prostølen ligg det to stølshus med torvtak og to nyare hytter. På Kvelven stod det to fjøs og tre sel. Av arkeologiske kulturminne finst det tufter, hellerar og trekolkonsentrasjonar.

Av kulturminne i høgheia gjer dei gamle jakthyttene mest av seg. Dei er ein naturleg del av bruken av fjellområda og er positive innslag i landskapet.

Området Grasdalen- Breiavad er spesielt frodig og rikt på kulturminne. I 1890- åra blei det sett opp hytte i Steinkilen og i Breiavad. I Steinkilen ligg det i dag to jakthytter, den eine er ei jordhytte. I Breiavad er det to hytter og ei steinbu.

Ferdselvegar mellom aust og vest finn ein også spor etter. Fleire av ferdselsvegane er nå innarbeidde i rutene til Stavanger turistforening. I området rundt Krossvatnet er det ei rekkje dyregraver og bogastelle. I Grjotdalen ligg det ei jakthytte og ei jordhytte.

Bergkrystallførekomstar finn ein blant anna ved Djupetjørnane og i Stranddalen. Bergkrystallar blei i steinalderen brukt som erstatning for flint. Bergkrystallane blir også kalla dvergstein.

( Arkeologisk museum i Stavanger 1983a, 1983b, Bang- Andersen 1974, 1983a, 1983b, 1984).

Bruken av områda i dag[endre | endre wikiteksten]

Kvanndalen og Dyraheio er viktige for fiske og friluftsliv og blir nytta av både fastbuande og tilreisande. Området er lett tilgjengeleg med bil til utgangspunktet for turar. Stavanger turistforening har 4 turisthytter innanfor landskapsvernområdet, Strandalshytta, Krossvatn, Bleskestadmoen og Kvanndalen. Stranddalen er betjent i sommarsesongen, resten av året er hytta sjølvbetjent. Hytta i Kvanndalen er ubetjent, dei øvrige hyttene er sjølbetjent. Det er eit vel utbygd løypenett i heia for fotturistar og om vinteren blir det kvista løyper for skiløparar. Andre turisthytter som er knytte opp til løypenettet i Kvanndalen og Dyraheio er Haukeliseter, Holmavasshytta, Sloaros, Vassdalstjørn og Mostøl.

Før blei lågheia brukt til intensiv støling, slått, hogst, torvtaking og beite av sau, geit og kyr. Stølinga tok slutt siste halvdel av 1950 åra, heislått blei drive fram til slutten av 1960- talet. Høgfjellet har alltid blitt brukt til jakt, fiske og beiting. I dag blir området brukt til utmarksbeite for sau, og ein del av beitet blir utleigd. Reinsdyr- og rypejakta betyr mykje for grunneigarane, og somme sel delar av fellingsløyva på rein.

I dag skjer ei viss tilgroing i stølsområda av vier, einer og bjørk, då sauen har store område å beite på å beitepresset er lågt. Det er lite hogst i bjørkeskogen. Det blir hogge noko ved til bruk på hytte og gard, men dette er lite samanlikna med den gongen det blei støla. Det blir ikkje lenger slått i området. Nokre nye hytter til jakt, fiske, gjeting og fritid er sett opp, elles blir dei gamle stølshusa og jakthyttene stort sett haldne i god stand og brukt av eigar og til utleige.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Litteratur
  • Arkeologisk museum i Stavanger 1975. Arkeologisk datarapport frå Ulla/ Førre- undersøkingane 1974. Stavanger.
  • Arkeologisk museum i Stavanger 1983a. registreringer av arkeologiske kulturminner i Kvanndalen i tidsrommet 19- 24.06.83 og 31.07- 12.08.83. Stavanger
  • Arkeologisk museum i Stavanger 1983b. Registrering av etnologiske kulturminner i Kvanndalen i tidsrommene 21.- 24.06 og 29.-30.09.83 i samband med planar om vasskraftutbygging. Stavanger.
  • Bang- Andersen, Sveinung 1974. Opplysningar om kulturminner og bergkrystallokaliteter diverse steder i Suldal- og Bykleheiene. ( Rogaland, Aust- Agder og telemark fylke). Stavanger.
  • Bang- Andersen, Sveinung 1983a. Kulturminner i Dyraheio. Sammenfatning av arkeologiske registreringar utført 1972- 1979 i Suldal, Hjelmeland- og Bykleheiene i Rogaland og Aust- Agder som ledd i Ulla/ Førre- undersøkelsene. AmS- Varia 12. Arkeologisk museum i Stavanger.
  • Bang- Andersen, Sveinung 1983b.. Innberetning om prøvestikking etter opne steinalderlokaliteter i øvre del av Kvanndalen i Suldalsheiene
  • Bang- Andersen, Sveinung 1984. Notat om fortsatt registrering av kulturminner innenfor det planlagte magasinområdet i øvre Kvanndalen i Suldalsheiene sommeren 1984. Stavanger.
  • Dahl, Ove 1906. Botaniske undersøgelser i indre Ryfylke. I. christiania Videnskaps- Selskabs Forhandlingar for 1907 no. 4, s. 1- 14. jacob Dybwad, Christiania.
  • Eide, Frøydis og Arvid Odland 1981. Botanisk befaring i Røldal- Suldal i Forbindelse med videre kraftutbygging i området. Med et forslag til en flora-, vegetasjons- og vegetasjonshistorisk undersøkelse. Botanisk institutt. Universitetet i Bergen.
  • Foldøy, Oddveig 1988. Kvanndalen var ”den beste seterdalen” i Suldal. I Stavanger Turistforening, Velkommen til fjells. En håndbok for turer frå Haukeliseter i nord til Frafjord i sør. Stavanger.
  • Fylkesmannen i Rogaland. Forvaltningsplan for Kvanndalen landskapsvernområde, Dyraheio landskapsvernområde og Holmavassåno Biotopvernområde i Suldal kommune, Rogaland.
  • Meyer, Ole Berger og Astrid Botnen 1983. Flora og vegetasjon i Kvanndalen, Suldal, indre Ryfylke. Botanisk institutt. Rapport 31. Universitetet i Bergen.
  • Prøsch- Danielsen, Lisbeth 1990. vegetasjonshistoriske studier frå Suldal og Sauda kommuner, Nord Rogaland. AmS- Rapport 2. Arkeologsik museum i Stavanger. Stavanger.
  • Steinnes, Audun 1988: Oversikt over botaniske verneverdiar i Rogaland. Økoforsk rap. 1988:12. Ås-NLH.
  • Veka, Johan 1988. Bleskestadmeoen. I Stavanger Turistforening, Velkommen til fjells. En håndbok for turer frå Haukeliseter i nord til Frafjord i sør. Stavanger.
  • UFU 1975. Arkeologisk datarapport frå Ulla/Førreundersøkingane 1974. Arkeologisk museum i Stavanger. Stavanger.
  • UFU 1978. Arkeologisk datarapport frå Ulla/Førreundersøkingane 1976 og 1977. Arkeologisk museum i Stavanger. Stavanger.
  • UFU 1982. Arkeologisk datarapport frå Ulla/Førreundersøkingane 1978- 1982. Arkeologisk museum i Stavanger. Stavanger.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]