Dysenteri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dysenteri er ein akutt tarminfeksjon som kan oppstå på grunn av bakteriar eller amøbeinfeksjon. Smitten vert spreidd frå dårleg vatn og mat, men også mellom menneske. Det finst inga vaksine mot dysenteri, men sjukdomen kan behandlast med antibiotika. Han er særleg vanleg i tropiske område og u-land.

Det viktigaste symptomet på sjukdommen er blodig diare. Andre symptom kan vera feber, magekramper og smerter i rektum.

Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.