Dzerzjinsk

Koordinatar: 56°14′0″N 43°27′0″E / 56.23333°N 43.45000°E / 56.23333; 43.45000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dzerzjinsk
Дзержинск
Byåpenet til Dzerzjinsk
Byvåpenet til Dzerzjinsk


Plassering
Dzerzjinsk is located in Russland
Dzerzjinsk is located in Nizjegorod oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Nizjegorod oblast
Grunnlagd
Bystatus
1920
1930
Borgarmeister Viktor Portnov
Geografi
Flatevidd
 - By

426 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

249 900
  586,6 /km²
Koordinatar 56°14′0″N 43°27′0″E / 56.23333°N 43.45000°E / 56.23333; 43.45000
Høgd over havet 90 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 606000–606034
Retningsnummer (tlf) (+7)8313

Dzerzjinsk (russisk Дзержи́нск) er den nest største byen i Nizjegorod oblast i Russland langs elva Oka, 400 km aust for Moskva. Byen er eit viktig senter for russisk kjemisk industri og var inntil nyleg ein lukka by.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagd i 1920 med namnet Rastjapino. I 1930 vart namnet endra til dagens namn, kalla opp etter Feliks Dzerjinski, den første leiaren til tsjekanane.

I 1941 vart fabrikken Kaprolactam (eller Caprolaktam) organiske glasfabrikk for produksjon av kjemiske våpen oppretta. Produksjonen var først og fremst lewisitt med giftverknad frå innhaldet av arsen trioksid og sennepsgass. I tillegg vart det produsert hydrogencyanid og fosgen.

Produksjonen av stridsgass stoppa i 1945. Det meste av lageret vart da grave ned på fabrikkområdet. Sennepsgass-fabrikken vart demontert i 1994, men produksjonen av lewisitt var framleis ikkje avslutta i 1998.

Dei viktigaste fabrikkane har vore Korund (oppretta 1915), som den første fabrikken i Russland som produserte cyanid. Denne er framleis i drift. Andre har vore Kaprolaktam, Tsjemmasj (i drift, mekanisk utstyr), Syntez (produserer no elektronikk), Oka, Java, Orgsitilen, Orgstetslo (produserte tidlegare glasartiklar til fly) og Zarja. Ein fabrikk kalla opp etter Sverdlov er plassert under bakken i den vestlege delen av byen. Dette er truleg det største anlegget i Dzerzjinsk . Produksjonen er av eksplosivar og er framleis i drift.

Konsortiet Kaprolactam er omorganisert og produserer no kjemisk utstyr, saltsyre, etylenoksid, polymerkuler og plastartiklar. Gjennom ein joint-venture-avtale med tyske Wella AG omfattar produksjonen òg såpeartikler, akrylglas og bildelar.

Forureining[endre | endre wikiteksten]

Byen er vorte utpeikt av Blacksmith Institute til ein av de ti verst forureina stadane i verda, med tal som at gjennomsnittleg venta levealder er 42 år for menn og 47 år for kvinner. Instituttet estimerer at 300 000 tonn kjemisk avfall i perioden 1930 - 1998 vart disponert på miljømessig uheldige måtar. Konsekvensen er at grunnvatnet, som òg er den viktigaste drikkevasskjelda, no inneheld høge konsentrasjonar av dioksin og fenolar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Liste frå Blacksmith Institute, arkivert frå originalen 26. oktober 2006, henta 30. november 2008