Dzmitry Us

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dzmitry Us
belarusisk Дзьмітры Іванавіч Ус
russisk Dmitrij Ivanovitsj Uss
Fødd10. juni 1971 (52 år)
Minsk
Statsborgar avBelarus
Yrkegründer, politikar
Utdanna vedJanka Kupala statlege universitet i Grodno

Dzmitry Ivanavitsj Us (fødd 10. juni 1971 i Minsk) er ein belarusisk jurist og politikar. Han var uavhengig kandidat ved presidentvalet i Belarus 19. desember 2010. Ifølgje dei offisielle resultata kom han på tiande og siste plass med 0,5 % av røystene, men valet vart ikkje rekna som fritt og rettferdig av internasjonale observatørar. Us vart arrestert etter demonstrasjonar mot måten valet vart arrangert på same kvelden, men vart slept fri dagen etter.[1] Han vart likevel tiltalt for å ha «forårsaka masseuro».[2] I mai 2011 vart han dømd til fem og eit halvt års fengsel for rolla si i demonstrasjonane.[3] Han vart benåda og lauslaten i oktober 2011.[4]

Us er gift og har éin son.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. "Наши арестанты в Минске" frå Gazeta.ru, 21. desember 2010, på russisk
  2. "Кандидат в президенты отсидит как президент" frå Gazeta.ru på russisk
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 29. juli 2011, henta 23. november 2012 
  4. http://nn.by/index.php?c=ar&i=61069