Masseenergilova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå E=mc²)
Gå til: navigering, søk

Masseenergilova forklarer forholdet mellom energi og masse. Massen til ein lekam er eit mål på kor mykje energi han inneheld. Albert Einstein utleia denne samanhengen i 1905 og han er seinare vorte kjend gjennom formelen

E = mc^2 \,\!

der E er energi, m er masse og c er lysfarten i vakuum.

Bevaring av masse og energi[endre | endre wikiteksten]

Masseenergilova postulerer at masse og energi er to sider av same sak. Han impliserer ikkje at masse kan omvandlast til energi, men heller at dersom energi endrar form og forlèt eit system tek det med seg den ekvivalente massen ut av systemet. Denne samanhengen forklarar den store energimengda som kan frigjerast av kjernefysiske prosessar, massen er vesentleg mindre etter reaksjonen, dette tyder at ei vesentleg mengd energi har forlate systemet. Slike kjernefysiske prosessar er det som frigjer dei store energimengdene i kjernevåpen og atomreaktorar

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om andre tidlegare hadde foreslått ein samanheng mellom masse og energi var Albert Einstein den første som korrekt utleia samanhengen. Denne vart utleia i artikkelen «Ist die Trägheit eines Körpers von seinem Energieinhalt abhängig?»[1]. I artikkelen vert samanhengen formulert på følgjande vis: Dersom ein lekam gjev frå seg ei energimengd L vil massen minske som L/V^2, der V er lysfarten i vakuum. Formelen vart utleidd som ein direkte konsekvens av den spesielle relativitetsteorien publisert av Einstein tidlegare same år.

Praktisk døme[endre | endre wikiteksten]

Ved å bruke denne formelen kan vi finne ut til dømes kor mykje energi ein tomat på 0,1 kilogram tilsvarar

E=mc²

E=0,1×299 792 458²

E=0,1×89 875 517 873 681 764

E=8 987 551 787 368 176,4

Dette betyr at ein tomat som veg 0,1 kg tilsvarar nesten 9 billiardar joule (8 987 551 787 368 176,4 J). Til samanlikning vil ein tomat gje frå seg éin joule til underlaget dersom ein slepp han ned frå éin meters høgd. Med andre ord er ein særs liten masse ekvivalent med ei enorm energimengd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Ist die Trägheit eines Körpers von seinem Energieinhalt abhängig?» Annalen der Physik 18: 639–643