E-laget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

E-laget eller Kennelly–Heaviside-laget, eller berre Heaviside-laget er eit lag i ionosfæren, kring 90-150 km over bakken. Det er eit av fleire lag i ionosfæren og består av eit lag med ionisert gass. Laget reflektert radiobølgjer av mellomfrekvens, og på grunn av denne refleksjonen kan radiobølgjene forplantast bak horisonten.

Forplantinga vert påverka av kva tid på døgnet det er. På dagtid vil solvinden presse dette laget nærare jorda, og dermed avgrense kor langt det kan reflektere radiobølgjene. På nattsida av jorda dreg solvinden laget lenger bort og aukar slik rekkevidda radiobølgjene kan reise ved hjelp av refleksjon. Effekten vert ytterlegare påverka av årstid og solflekkaktivitet.

Laget vart føresedd i 1902 av både av amerikanaren Arthur Edwin Kennelly (1861–1939) og den britiske fysikaren Oliver Heaviside (1850–1925), uavhengig av kvarandre. Det var først stadfesta i 1924 av den britiske forskaren Edward V. Appleton, som fekk nobelprisen i fysikk for oppdaginga i 1947.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]