E-type-asteroide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

E-type-asteroidar er asteroidar som har enstatitt-akondritt-overflatar. Dei utgjer 60 % av asteroidane innover i asteroidebeltet kjende som hungaria-asteroidar, men blir snart sjeldne lengre ut. Det finst også nokon E-typar langt unna den indre delen av beltet, som 64 Angelina. Desse er sannsynlegvis restar etter ein kraftig redusert mantel frå ein tidlegare, differensiert asteroide.

E-typane har ein høg albedo, 0,3 eller høgare, noko som skil dei i frå dei meir vanlege M-type-asteroidane. Spektraa er trekklaust flatt til raudt. E-typane er små; berre tre asteroidar har diameter større enn 50 kilometer, og ingen andre har diameter over 25 km. Dette er sannsynlegvis fordi dei heller stammar frå dei ytre delane av opphavslekamen enn kjernen.

Det er antatt at aubritt-meteorittar stammar frå E-type-asteroidar. E-typen kan vera relatert til Xe-typen i SMASS-klassifiseringa.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litt om klassifisering og meteorittar hjå Washington State University