E.M. Forster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dora Carrington: Portrett av E.M. Forster, 1924/25

Edward Morgan Forster (1. januar 18797. juni 1970) var ein engelsk forfattar og litteraturkritikar kjend som E.M. Forster. Han er best kjend for romanane sine, som Howards End, A Room With a View og A Passage to India, men skreiv også noveller, essay og ein libretto. I verka sine tok Forster opp motsetjingar mellom ulike klassar og livssyn i det britiske samfunnet ved byrjinga av 1900-talet, samstundes som han var oppteken av sambandet mellom enkeltpersonar. Forster var noko knytt til den kulturradikale Bloomsbury-gruppa, og blir tidvis omtala som modernist.

Liv[endre | endre wikiteksten]

King's College i Cambridge.

Forster var fødd ved Dorset Square i London-bydelen Marylebone med ein far som var arkitekt. Faren døydde då Edward Morgan var berre eitt år gammal. Forster gjekk på guteskulen Tonbridge i Kent og blei teken opp som student ved King's College i Cambridge i 1897. Her blei han medlem av diskusjonsgruppa Cambridge Apostles, som hadde mange medlemmer som seinare skulle forma Bloomsbury-gruppa.

Som gut hadde Forster arva 8 000 pund etter grandtanta si Marianne Thornton, dottera av slaverimotstandaren Henry Thornton. Dette gjorde at han kunne leva som forfattar utan økonomiske vanskar.

Etter universitetet drog Forster på reise i Europa saman med mora. Han vitja Egypt, Tyskland og India saman med Goldsworthy Lowes Dickinson i 1914. Under første verdskrigen var Forster militærnektar, men dreiv i staden med raudekrossarbeid. Vinteren 1916-17 blei han forelska i ein ung trikkekonduktør, Mohammed el-Adl, i Alexandria. Tilhøvet mellom dei var den første homofile erfaringa til Forster, og skulle inspirera mykje av dei seinare verka hans. El-Adl døydde av tuberkulose i 1922.

På 1920-talet var Forster tilsett som privatsekretær for maharajaen av Dewas i sentrale India. Her hadde han eit lengre tilhøve til barberen Kanaya. Etter opphaldet fullførte han romanen A Passage to India og skreiv seinare The Hill of Devi om opphaldet. Etter dette slutta Forster å skriva romanar, og dikta berre småstykke for seg sjølv og vennene sine.

I 1930- og 40-åra gjorde Forster lukke ved radioavdelinga til BBC og som frontfigur for British Humanist Association.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Eit almetre er brukt som symbol i romanen Howards End.
Foto: Svein Jan Hjelmeset

Forster gav ut fem romanar medan han levde. Romanen Maurice kom ut posthumt, seksti år etter at han blei skriven. Ein sjuande roman, Arctic Summer, blei aldri fullført. Han skreiv også noveller som var prega av det fantastiske, naturmystikk og søking etter meining.

Where Angels Fear to Tread frå 1905 er ein roman som handlar om Lilia, ei engelsk enkje som forelskar seg i ein italiensk mann. Trass i motstand frå den besteborgarlege svigerfamilien sin gifter ho seg med han. Etter at Lilia døyr i barsel prøver både reisekameraten hennar og svigerfamilien å henta sonen hennar «heim» til England. Where Angels Fear to Tread blei filma av Charles Sturridge i 1991.

The Longest Journey frå 1907 følgjer den litterært gåverike krøplingen Rickie Elliott gjennom studietida ved Cambridge, til ei lærarstilling og eit ekteskap med den griske Agnes Pembroke som han etter kvart finn ut får fram dei dårlegaste sidene hans. Når Rickie prøver å bli vener med den usiviliserte halvbroren Stephen finn han igjen noko av meininga i livet og det sublime, men døyr kort tid etter i ei ulukke forårsaka av Stephen.

A Room with a View frå 1908, byrja fleire år tidlegare, skildrar Lucy Honeychurch si reise til Italia og valet hennar mellom to menn og to ideologiar. A Room with a View (film)|A Room with a View blei filmatisert av Merchant-Ivory i 1985. Som Where Angels Fear to Tread inneheld boka mange døme på trongsynte engelske turistar frå middelklassen.

Howards End frå 1910 tek for seg ulike grupper frå den engelske middelklassen, representert av familiane Schlegel, bohem-aktige intellektuelle, Wilcox, tankelause materialistar, og Bast, vanskelegstilte kjemparar. Eit ideal for personane i denne romanen er å knyta band mellom gruppene. Howards End blei filma for fjernsyn i 1970 og av Merchant-Ivory i 1992.

A Passage to India frå 1924 var den siste romanen Forster gav ut medan han levde. Dette er også den som fekk best mottaking, og ofte er blitt kalla eit meisterverk. Romanen skildrar engelskmenn sitt møte med India, både med innfødde indarar og angloindarar, som alle slit med å forstå kvarandre. Den dramatiske hendingar i romanen er ei uklår hending i ei gåtefull hole der ein av hovudpersonane, Adela Quested, meiner ho er blitt utsett for eit overgrep av indaren Aziz. Romanen fanga opp mange av motsetningane i Britisk India og den byrjande uroa rundt kolonialismen.

Maurice er ein homofil kjærleikshistorie som først kom ut i 1971. Boka har mange treffpunkt til Forster sitt eige liv, og vakte oppsikt fordi Forster sin homofili var lite kjend.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

Skjønnlitteratur[endre | endre wikiteksten]

Romanar

Noveller

  • The Celestial Omnibus (and other stories) (1911)
  • The Eternal Moment and other stories (1928)
  • Collected Short Stories (1947)
  • The Life to Come and other stories (1972) (posthumt)

Skodespel

  • Abinger Pageant (1934)
  • England's Pleasant Land (1940)

Filmmanus

Libretto

Sakprosa[endre | endre wikiteksten]

Essaysamlingar

  • Abinger Harvest (1936)
  • Two Cheers for Democracy (1951)

Literaturkritikk

  • Aspects of the Novel (1927)
  • The Feminine Note in Literature (posthumt) (2001)

Biografiar

  • Goldsworthy Lowes Dickinson (1934)
  • Marianne Thornton, A Domestic Biography (1956)

Reiseskildringar

  • Alexandria: A History and Guide (1922)
  • Pharos and Pharillon (A Novelist's Sketchbook of Alexandria Through the Ages) (1923)
  • The Hill of Devi (1953)

Ymse

  • Selected Letters (1983–85)
  • Commonplace Book (1985)
  • Locked Diary (2007)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: E.M. Forster
Spire Denne litteraturartikkelen som har med Storbritannia å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.