E.N. Setälä

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
E.N. Setälä

FøddEmil Nestor Setälä
27. februar 1864
Kumo
Død8. februar 1935
Helsingfors
NasjonalitetFinland
Yrkelingvist, politikar, antropolog, diplomat, universitetslærar
InstitusjonarHelsingfors universitet
Alma materHelsingfors universitet
EktefelleHelmi Krohn
BarnVilho Setälä, Salme Setälä, Annikki Setälä, Sirkka Setälä
MedlemDet prøyssiske vitskapsakademiet

Eemil Nestor Setälä (27. februar 18648. februar 1935) var ein finsk språkforskar og politikar.

Vitskapsmannen Setälä[endre | endre wikiteksten]

Setälä er berømd for som 17-åring å ha skrive Suomen kielen lauseoppi, 'Det finske språkets syntaks', ei bok som skulle kome til å bli standardverket innanfor finsk syntaks i to mannsaldrar. Boka var mykje godt basert på A.W. Jahnsson's avhandling Finska språkets satslära og Josef Budenz's grammatikk Finn nyelvtan olvasmányokkal és szótárral, men ho var skriven på finsk, av ein finne, og var på ein måte det rette verket til rett tid for den unge finske nasjonen. Setälä var sentral i å innføre junggrammatikken i Finland, eit paradigme som skulle kome til å dominere finsk språkforsking til langt innpå 1970-talet. Han var sterkt påverka av den danske språkforskaren Vilhelm Thomsen, og gifta seg også i 1913 med dottera hans, Kirsti Thomsen.

E.N. Setälä på finsk frimerke

I 1890-1891 utkom det viktige Yhteissuomalainen äännehistoria, 'Fellesfinsk lydhistorie', eit verk som påverka debatten kring lydhistoria, særleg kring ulike teoriar om finsk stadieveksling, for fleire tiår. Seinare forsking har forkasta Setälä sine teoriar.

Setälä grunnla i lag med Kaarle Krohn tidsskriftet Finnisch-ugrische Forschungen, ssv. det viktigaste fennougristiske tidsskriftet, og i det første nummeret publiserte han skildringa av det finsk-ugriske fonetiske alfabetet, fennougristikkens parallell til Norvegia.

Politikaren Setälä[endre | endre wikiteksten]

Setälä var politikar, m.a. utdanningsminster i 1917-1918 og 1925 og utanriksminister i 1925-1926, og ambassadør i København og Budapest i åra 1972-1930. Setälä var sentral i opprettinga av det finskspråklege universitetet i Åbo, Turun yliopisto, på ein svært dramatisk måte: Han ville nemleg gjere heile universitetet om til ein forskingssentral for finskugriske språk, Suomen Suku, ein forskingssentral som han var deleigar av.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Fred Karlsson (1999): E.N. Setälä vaarallisilla vesillä
  • Paavo Ravila (1964): E.N. Setälä kielentutkijana.