EFTA

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
EFTA

Det europeiske frihandelsforbundet (engelsk European Free Trade Association, forkorta EFTA) blei oppretta i 1960. I dag er Island, Liechtenstein, Noreg og Sveits medlemar, og generalsekretæren er Kåre Bryn frå Noreg.

Det opphavlege grunnlaget for EFTA var Stockholmkonvensjonen som berre omhandla frihandel. Noreg og Sveits var med og skipa frihandelsforbundet saman med Storbritannia, Danmark, Sverige, Austerrike og Portugal. Den 21. juni 2001 underskreiv dei fire siste EFTA-landa Vaduzkonvensjonen som er grunnlaget for samarbeid på ei lang rekkje område.

Offisielt har EFTA berre eit organ. Det er Rådet som kjem saman på ministernivå to gonger i året og på ambassadørnivå omtrent kvar fjortande dag. Alt som blir sagt i Rådet blir nedskrive ord for ord. Men EFTA har også mange uformelle styringsorgan. «Deputies» står for den verkelege styringa av arbeidet i Geneve og kjem saman nestan dagleg når det er som mest travelt i førebuingar til ministermøta. I Brüssel har «Den faste komite» om lag dei same oppgåvene, men då i forhold til EU-samarbeidet.

EFTA-sekretariatet har ingen rett til å gjera vedtak. Det blir leia av ein generalsekretær. EFTA-domstolen er i motsetnad til EFTA ein internasjonal organisasjon. Domstolen har domsmyndigheit over Noreg, Island og Liechtenstein.

Medlemmar av EFTA[endre | endre wikiteksten]

Noverande EFTA-statar i mørk grøn, tidlegare medlemmar i ljos grøn
Periode Land
1 19601973 Flag of Denmark.svg Danmark
2 19601973 Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
3 19601986 Flag of Portugal.svg Portugal
4 19601995 Flag of Sweden.svg Sverige
5 19601995 Flag of Austria.svg Austerrike
6 19861995 Flag of Finland.svg Finland
7 1960 Flag of Norway.svg Noreg
8 1960 Flag of Switzerland.svg Sveits
9 1970 Flag of Iceland.svg Island
10 1991 Flag of Liechtenstein.svg Liechtenstein

Frihandelsavtaler med andre land[1][endre | endre wikiteksten]

Periode Land Merknad
19791986 Flag of Spain.svg Spania
19922004 Flag of Czechoslovakia.svg Tsjekkoslovakia

(frå 1993 Flag of the Czech Republic.svg Tsjekkia og Flag of Slovakia.svg Slovakia)
Flag of Poland.svg Polen
Flag of Romania.svg Romania

Flag of Switzerland.svg Sveits stod utanfor denne bilaterale avtala
19932004 Flag of Hungary.svg Ungarn
19932007 Flag of Bulgaria.svg Bulgaria
19952004 Flag of Estonia.svg Estland

Flag of Latvia.svg Latvia
Flag of Lithuania.svg Litauen
Flag of Slovenia.svg Slovenia

1991 Flag of Turkey.svg Tyrkia
1992 Flag of Israel.svg Israel Flag of Switzerland.svg Sveits står utanfor denne bilaterale avtala
1999 Flag of Palestine.svg Palestina

Flag of Morocco.svg Marokko

2001 Flag of Mexico.svg Mexico
2002 Flag of Croatia.svg Kroatia

Flag of Macedonia.svg Makedonia
Flag of Jordan.svg Jordan

2003 Flag of Singapore.svg Singapore
2004 Flag of Chile.svg Chile
2005 Flag of Tunisia.svg Tunisia
2006 Flag of South Korea.svg Sør-Korea
2007 Flag of Lebanon.svg Libanon

Flag of Egypt.svg Egypt

2008 Tollunionen i Det sørlege Afrika

(dei fem landa Flag of Botswana.svg Botswana, Flag of Lesotho.svg Lesotho,
Flag of Namibia.svg Namibia, Flag of South Africa.svg Sør-Afrika og Flag of Swaziland.svg Swaziland)

2009 Flag of Canada.svg Canada
2010 Flag of Colombia.svg Colombia

Golfrådet
(dei seks landa Flag of the United Arab Emirates.svg Dei sameinte arabiske emirata,
Flag of Kuwait.svg Kuwait, Flag of Bahrain.svg Bahrain, Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia,
Flag of Oman.svg Oman og Flag of Qatar.svg Qatar)
Flag of Peru.svg Peru
Flag of Ukraine.svg Ukraina

Signert 2008, men ikkje ratifisert.[2][3]

Signert 2009, men ikkje ratifisert



Sluttførde forhandlingar
Signert 2010, men ikkje ratifisert

General-sekretærar av EFTA[endre | endre wikiteksten]

Nr. Periode Namn Land
1. 19601965 Sir Frank Edward Figgures Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
2. 19651972 Sir John Coulson Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
3. 19721975 Bengt Rabaeus Flag of Sweden.svg Sverige
4. 19761981 Charles Müller Flag of Switzerland.svg Sveits
5. 19811988 Per Kleppe Flag of Norway.svg Noreg
6. 19881994 Georg Reisch Flag of Austria.svg Austerrike
7. 19942000 Kjartan Jóhannsson Flag of Iceland.svg Island
8. 20002006 William Rossier Flag of Switzerland.svg Sveits
9. 2006 Kåre Bryn Flag of Norway.svg Noreg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]